Tale til sjefen

Kom over denne, og korfor i all verden skal eg halde den i eit dokument eg kjem til å slette. Eg deler, så får det bære eller briste. Men ikkje offentleg. Det får vere måte på. Berre for dokke spesielle lesarar av bloggen min. Here it goes:

Ok. Eg skal holda ein tale.

Og eg kjenner jo Espen såpass, at ein tale i seg sjølv er lite verdt. Det er som eg hører han si:

- Om du skal skryte, kan du ikke gjøre det på linkedin da? Som vanlige mennesker? Eller twitter? Faen ass.

Og så tar han på seg høretelefonene og stirrer videre i skjermen.
Espen synes nemleg at innhold bør være digitalt, sosialt og leikent. Han er spesielt opptatt av alle dei lydane som skjer heile tida, men som går tapt.

Så eg skal laste opp opptaket frå iphonen til dropbox slik at du kan laste det opp på soundklouden din, spre det til facebook og twitter og om ikkje klouten din stiger, så skal eg retwitre deg, skrive om heile prosessen i eit blogginnlegg på Origo, sette det på kartet over heile norge, komme inn i alle nettavisene, muligens også papiravisa, twitre det og facebooke det på nytt. Sjølvsagt på gunstige tidspunkt vi har forska oss fram til, rundt klokka sju, etter lønsj. Eg skal kjøpe aksjer på deg i Empire Avenue, gje deg ekstra kloutK i å vere sjef og seie du er bedre sjef enn alle andre eg har møtt på Amen. Fordi du fortjener det.

Då espen fant meg så var eg ein ensom, tjukk, nettjournalist i Hardanger Folkeblad. Eg hadde kasta meg over det underskogsfolkene lagde som heitte Origo, og jobba frivillig på kvelden for å få dette til å fly, men kvardagen gjekk ut på å kjempe ein hard kamp for å skrive nyheiter på nett med ein sjef som ikkje ville og kollegaer som stritta i mot. Det var då heilt utruleg oppløftande at Espen oppdaga meg. Han såg meg, forstod situasjonen, men fekk meg til å leike meir og bruke stoffet i avisa. Nokre av dei beste sonene våre laga vi den gang. Hemmelig Haiku, bilder av dagen min, kasaeg. Og før det hadde gått ein månad sa Espen:

- hey, vi har et vikariat her vi lurer på om ikke en jente i grønn genser fra Odda kan være interessert i.
- Tuller du? Sjølvsagt. Har dokke lokalkontor i Bergen? (ja, eg har jo aldri likt oslo)

Jaja. Den jobben vart jo ikkje min. Den jobben gjekk til BT. Men Espen gav seg ikkje. Han kjempa og fekk oppretta ein stilling til meg som kalenderpike. Den varte eitt år, til vi kom i denne finanskrisa med kutt og eg måtte gå. Espen ut i krigen igjen og eg fekk fast stilling. Og slik har det vore. Espen har gått i krigen og alltid backa meg. Seinast denne siste veka. Han er alltid til å stole på. Noko som er viktig når vi jobber med endringar i ein slik dramaorganisasjon som vi jobber i.

Då eg var i Halden Arbeiderblad sist veke, sa sir redaktøren Kjøge:

- Ja, no skal jo den alvorlege mannen slutte også.
Eg forstår ikkje kven han snakker om.
- Kem?, seier eg
- Den alvorlige mannen. Han som aldri smiler. Han som kommer på på redaktørsamlinga, dønn alvorleg og vi veit med ein gang at no kjem det noko. Då har han kost seg der da. Med masse tall. Halden Arbeiderblad er alltid nederst då, men det er alltid bra det han kjem med altså.

Og det er heilt sant. Espen leverer alltid. Men at han skulle vere så alvorleg, forstod eg ingenting av. Eg kjenner ikkje Espen slik. Det kommer kanskje overraskande på dokke andre, men eg ser på Espen som ein sprudlande fyr. Humørsjuk ja, men ein fin orginal som vi har mange av på Vestlandet. Espen er også ein av dei beste eg veit til å fortelje historier, både munnleg, på keynote og på tastaturet dersom han bryr seg og ikkje er lat. Han har alltid vinkla historien på ein god måte, klarer alltid å underhalde og få meg til å le. Og vinklinga bruker han godt i jobben også. Medan eg har opplevd andre virrar i strategiar, er han klar og han gjentar det:

- Pust med magen, Herdis. Du veit kor vi skal, kva som er viktigst.

Det sagt, så er du også jælla lunefull, humørsjuk og utolmodig. Det går forsåvidt ant å leve med, men at vi kvar einaste lønsj, i tre år, har snakka om løping, er i overkant gjestfritt av meg. Om eg kunne ha gladvinkla på nokon måte at du stikker, så må det vere å slippe det. MEN det går jo ikkje for du har jo frelst så mange på din veg.

Eg kommer til å savne deg. Som sjef, kollega og som ein av mine beste venner. Eg håper verkeleg vi fortsatt kjem til å chattast og eg insisterer på livsvarig beta-testing fra alle dine kommande startups. Eg har trua! God tur og lykke til! Make it happen!

Vist 163 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Vakkert.
Eller i hvert fall et godt portrett av en de fleste av oss bare kjenner digitalt. :-)

Ja, fin fyr!

Annonse

Nye bilder