Den gode samtalen. Notat frå fire år sidan.

Har tatt fire år gamle notater med meg på tur. Det føles godt å berre sjå over, så kaste dei. Det var i alle fall det eg tenkte då eg såg dei. “Herregud. Dette er jo noko alle bør vite. Kast!” Men så slo det meg. Kanskje det faktisk er folk som ikkje kan dette. Eller om dei kan det i dag, kan dei kanskje bli imponerte av at dette var ny kunnskap for fire år sidan. Her kjem notatlista, akkurat slik som den står på papirarka eg snart skal kaste.

ARK 1 – Den gode samtalen
-> det er no den oppstår (for ein søt klisjé)
-> lesarane ser det, vil delta
-> dersom du ikkje er tilstades, innfrir du ikkje forventningane
.
#Skifte i fokus#
- delta
- v (aner ikkje kva dette var for eit punkt)
FRA NYHET -> DIALOG (med sirkel rundt dialog)
- du setter i gang dialoger
.
Dialog -> lytter, samtale, bidrar
fleire samtaledeltakarar
meining oppstår først i dialogen -> aldri når ting blir lest
-> korleis utnyttar vi dette?

Det første arket gjer meg forvirra i dag. Kanskje eg var forvirra tidlegare også. At eg ikkje visste kva dette skifte i journalistikken skulle vere. Eg hatar utydelegheit. Derfor laga eg lette, tydelege punkter som sikkert er svar på korleis vi utnytter dette. Dette er lett å forstå. Sjå berre kor enkelt det er å få til den gode samtalen:

ARK 2 og 3: Bli eit bra vertskap

  • bruk tjenesten sjølv
  • ønsk folk velkomne
  • start i det små og dyrk samtalen
  • vær glad i dei som bidrar
  • aksepter at folk er ueinige
  • Improviser. Dra samtalen i ny retning, opprett ny
  • lag samtalereglar i sona.
  • sei ifra før du fjerner innlegg
    .
  • få fram entusiastane, så vil resten komme etter
  • handter trolla, stimuler dei gode sidene til folk
  • vær tilstades, skikkeleg og raus
    (ny side)
  • vær deg sjølv
  • snakk normalt
  • vær engasjert
  • vær høfleg
  • ta lesarane på alvor
  • si ting rett ut
  • skriv om det som betyr noko. ikkje kast bort tida
    .
  • skriv ein kort sjølvstendig tekst. Ikkje vis vegen til avis. Det vil berre vere gjennomskueleg
  • gjer det enkelt for folk å bidra
  • spar innvendingar/konklusjonar til fyldigare kommentarar i tråden
  • eitt mål med samtalen kan jo vera å få like engasjerte deltakarar som deg
Vist 401 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Gyldne retningslinjer for forumrøkt, dette! Hva synes du om demokratisering av sensur ved å fjerne/skjule upopulære bidrag (mange tomler ned, feks)? Potensiale for flertallstyranni, selvsagt, men liker tanken på at leserne er med på å trekke linjene for hva som er relevant i forumet/tråden.

Er litt ambivalent. Dersom det er slik at ei avis spør for å få enkelte svar, så kan det funke. Men eg likar godt at det kan vere ein samtale. Då må nesten kommentarane komme i kronologisk rekkefølge, ellers blir alt ødlagt. Samtidig så er det ikkje sikkert at det blir ein samtale, og mange tenester har erfaringar om at den første som kommenterer berre skriv “first” og det er jo ikkje så veldig oppløftende å ha som første kommentar. (Redigering av kommentarfeltet kan sjølvsagt ordne det)

Ja, “first” kan i en perfekt verden stemmes bort (evnt. kollapses med mulighet for å klikke fram) sammen med mer eller mindre trollete forsøk på å sidespore samtalen. Men, ja: ser at dette kan underminere samtale-sammenhengen.

Annonse

Nye bilder