Viser arkivet for november, 2012

Russerkuldeklar

Russerkuldeklar

Ny nærbutikk ønsker meg velkommen heim med rød løpar, marsipankake og skammelig bra tilbud på julepølse.

Ny nærbutikk ønsker meg velkommen heim med rød løpar,  marsipankake og skammelig bra tilbud på julepølse.

Å kunne stole på folk i den digitale verdenen

Eg skal selge ei seng. Eg skal flytte og den er bare ein stor ting som tar plass. Derfor vil eg selge den. Eg går inn på finn.no og søker etter folk. Og det er mange folk her, som både kjøper og selger, og eg finner ein fyr med ei annonse som vil kjøpe ei seng.

- Men kva for ein fyr er dette her, spør eg meg sjølv?

Eg kikker på bildet av ei seng han har lagt ut. Ganske så dårlig bilde.
Eg søker opp tlfnr hans, det står ikkje i telefonkatalogen.
Eg må nøye meg å kikke på språket for å vurdere om dette er ein fyr som vil ta med seg penger når han dukker opp.

- Kvifor finst det ikkje noko i den nettløysinga som gjer at eg kan stole litt ekstra på folk?

Eg tvitra følgjande:

For kva gjer utlandet?

Skikkeleg lekker har dei gjort sidene sine. Ikkje plain blå/kvit layout.

Jo, ta airbnb.com til dømes.
Ei super teneste for oss som liker å reise. I staden for å sjekke inn på hotell, sjekker du inn hos folk. Enten på sofaen i stovo, på eit eige rom, eller du kan leige ei heil leiligheit, hytte, hus eller slott. Ja, du får alt i din prisklasse. Litt meir personleg, litt meir ansleis ferie. Alt blir leigd ut av privatpersonar. Det er heimar, kor folk bur, og det skal i grunn mykje til for å sleppe inn ein framand i huset sitt.

Korleis byggjer så airbnb ei løysing som gjer at folk kan stole på kvarandre?

  • Dei tar ansvaret for økonomien. Den som skal leige blir trekt pengar med ein gong avtalen er i boks. Pengane blir først utlevert etter opphaldet. Sjølvsagt tar dei også ein cut. Eitt gebyr som den som leiger betaler, samt nokre prosent av den som leiger ut. Det er også businessmodellen. Å legge ut annonse, og søke, er gratis.
  • Valutaen mellom folk er trust, at folk stoler på deg. Og det gjer ein først ved å koble opp den identiteten ein har på fb, på twitter, på linkedin. Det kan vise kva slags menneske du er. I alle fall at du har klart å karre deg til eit visst volum, og har ein krets. Ein kan jo også sjå om du er ei spammaskin, eller om du pratar med folk – og kva slags nettverk du har rundt deg. Har du offentleg informasjon på desse profilane, virkar du som eit ekte menneske. Kanskje er utleigar så heldig at de finn folk i samme kretsar. Det aukar på truverdigheiten.
  • I tillegg har airbnb gjort tenesta si sosial. Ikkje i meininga å kretse for å kretse, eller at vi slenger på eit fb-kommentarfelt. Nei, sjølvsagt for å utvide verdien og valutaen til folk. Ein kan sjekke fb-kretsen sin opp mot løsninga, sjå kven av dei som er der. Får du dei til å anbefale deg, er du meir til å stole på. Viser det seg at dei er storforbrukarar av airbnb, enten dei reiser sjølve eller låner ut huset sitt, teller det ekstra mykje. Når opphaldet er over, er det såleis viktig for begge partar å få eit bra skussmål (review).
  • Bra skussmål gjer at du som utleigar kjem først opp i listinger, får meir etterspursel og kan ta meir betalt. Det er ein ekstra sikkerheit for dei som er usikre på korleis dette fungerer, og kven det er som leiger ut.
  • Bra skussmål gjer at du som leigetakar, kan blir foretrekt foran andre som vil leige på samme datoar, eller du kan få rabattar. (Dette veit eg ikkje sikkert, men det er i alle fall ei indre drivkraft).
  • I tillegg finst det drivarar der utleigar og leigetakar legg ut gulltips om nærområdet, noko som gjer reisa personleg og mykje lettare å planlegge til å bli den drømmeturen du vil det skal bli.

No kan ikkje akkurat airbnb sikre deg mot svindlarar. Eg meiner. Eg har jo sjølv kjendt ein fyr som som trakk seg frå budrunde, sjølv med ein fb-profil. Drittsekkar finst overalt. Men airbnb er dønn solide på korleis dei tenker folk skal kunne stole på andre, og har ei løysing som trigger til meirbruk.

Det gjer ikkje akkurat finn.no. Heldigvis for dei så er det det beste tilbodet vi har i landet. Men eg ser lett for meg at også nordmenn kan hoppe på lekre løysingar frå utlandet for å dekke dei same behova.

Iphone 4 vs Samsung Galaxy III

Min iphone var knust. Startknappen begynte å streike. Treig var den også. Alt var berre sorgen. Eg måtte ha ny tlf. Sjefen sa ja, og kvelden etter fekk eg tlf på døra og eg valgte å skryte av det på denne måten:

Eg har fått ny tlf. Kom med bud på døra. Postbudet kalla meg Hredels og gav meg ein Samsung Galaxy III.

Fine Lene svarte følgjande:

Venter i spenning på en sammenligning av de to. Har siklet lenge på en Samsung :-)

Så her kjem ei velfundert samanlikning ei veke etter bruk. Til Lene og alle andre som er interesserte.

  • Samsung plystrer når du får epost, men viser ikkje heile mailen i skjermen. Det er temmeleg stas med plystringa, at epost ikkje passer skjermen er elendig.
  • den klarer ikkje å airplaye Spotify på anlegget. Heller ikkje de appene du laster ned for å prøve å få det til.
  • Men Samsung har ein ein deilig dirring når du skriver
  • den er dessutan glatt og deilig å ta på.
  • Når eg t.d. opner tlf ved å ta over skjermen, gjør bevegelsen seg om til bobler, og lager vannlyder mens den gjør det. Det gir meg ei ekstra kjensle av at det er framtida som ligg i hendene mine.
  • den er likevel litt stor. Tommelen rekker ikkje til toppen. Merker eg ofte legg meg på magen, ja, for eg bruker ofte tlf i senga. Då ligg eg over den for å touchskrive med pekefingrene.
  • den har alle de beste appene eg treng, i prioritert rekkefølge: spotify, voxer, facebook, path, instagram, twitter, glympse, evernote, pinterest, stay, songpop, nsb, tuninRadio.
  • Har enda ikkje funne ein bra podcaster. Det er litt rumpe. Eg liker godt å høyre radioresepsjonen når eg går gatelangs til jobb for å få ein god start på dagen. Eg har såleis gått lite på jobb.
  • kartet viser faktisk kor trafikken står i byen, og kor det er best å kjøre for å komme fram. Noko som er fint om ein har bil. Det har eg ikkje. Men det funka også på leigebil, og som strålande gpsnavigator når vi kjørte oss vill opp til hytta på Myking i helga.
  • i motsetning til iphone som har røde flagg over alt, piper samsungen relativt ofte – utan at eg aner kva som ligg i dei ulike pipene. Eg slipper altså dei røde flaggene, men også stresset ved å nulle dei ut. Og funksjonen som viser alle varsler på samme side, er gull og veldig lett å begynne å elske.
  • alarmklokka funker veldig dårlig. det blir til at eg slumrer opp til fleire halvtimer sjølv med denne nye telefonen. Men til skilnad fra Iphone, så lyser samsungen opp med litt ekstra dagslys i novembermørket når alarmen går. Den har sikkert påvist god effekt mot vinterdepresjon.

Q & A

Men hvorfor i all verden bytter du ut iphone?

Fordi eg er så føkkings lei den firkanta boksen som ligg så dårleg i handa. iphon 3s var superfin, som ein utvida del av meg. Men eg vart aldri godkompis med klumpete iphone 4.

Er det verdt det?

No betaler ikkje eg for det anna enn med svette og evna til omstilling. Noko eg pinadø meiner er på tide. Eg kallar meg ei geekgirl, men spesialiserer meg berre på å kunne iphone og kva den teknologien har å tilby. Det høyrer ikkje heime.

Jeg kommer aldri til å bytte fra iphone.

Nei, skjønner. Og ikkje stiller du eit spørsmål heller. Forstår at du sikkert er typen som kommer til å sakne masse innhald. Tingen er at du logger deg på appsene med fb-kontoen din, og vips så er alt innhald på plass i tlf. Det er det som er så fint med sky, og utvikling som passer for fleire teknologier. Du mister ikkje innhald. Det berre funker.

Fleire spørsmål? Anyone? Eg er også tilgjengeleg for møte og kurs, dersom det skulle vere noko meir.

Monstermast

Monstermast

Kraftlinjer

Kraftlinjer

@aasprang

@aasprang

Bjørn og eg

Bjørn og eg

Nedbemanna, kva no?

Då er det bestemt at eg ikkje skal vidare med i det nye mediekonsernet.

Prosessen var enkel. Send inn CVen din, skriv kva du vil jobbe med. Nye sjefen teikna utifrå det opp eit organisasjonskart som ikkje viste meg på kartet. Fekk tilbod om sluttpakke og eg takka ja.

Prosessen var grei. Det såg ut som om sjefen hadde det vanskeleg når han skulle seie det til meg. Han var ryddig, lot det gå god tid før det vart offentleg, vi var begge einige om at det var ok at det stod at eg slutta på intranettet. Eg visste ikkje då at berre mitt navn skulle stå der.

Eg fekk bestemme mitt eige slutttidspunkt, foreslå arbeidsoppgåver eg kunne gjere dei siste tre månadene og det er heilt fritt opp til meg kor eg jobber. Men eg har no ein pult på jobb dersom eg vil det. Eg har jo lønsj der også, tenker eg ofte på. Alt for ofte, kanskje. I dag er det varm mat. Torsdagen er det verdens dårligste salatbar. Ikkje verdt å gå på jobben for.

Slik har det blitt.

Men kva andre ting har skjedd?

  • Eg har fått energien tilbake. Ryggen som var heilt kaputt, er blitt jevnleg knekt slik at eg klarer å gå timesvis uten smerter.
  • Eg jogger. Javisst. Det har eg ikkje gjort sidan 1997, då vi hadde det i gymmen.
  • All verdens moglegheiter har blitt kasta over meg. Eg kan gjere kva eg vil. Poenget er berre å finne ut kva eg vil.
  • Eg vil til Las Vegas. Og skal det. Kiropraktoren knakk meg fram til tiltakslyst, livsglede og kreativitet. Eg gjekk rett på kontoret, fann konferansen Social Media Marketing i Las Vegas. Og sidan eg tok med meg utdanningspengene over i sluttpakken, fekk eg reise på jobbens rekning. Det blir altså ein tur til San Francisco, der eg tar ein avstikkar til Las Vegas til ein konferanse om sosiale medier der eg skal fylle innhaldsmennesket med marketing-tanker ang SoMe. Sannsynligvis blir det ein killerkombo.
  • Ryggknekkaren knakk meg også til mot til å spørre om ny tlf som erstattar for knust iphone.
  • Eg har slutta å drikke alkohol. Neida. Bare slutta å drikke så utruleg ofte, og i kvar sosiale setting.
  • Eg skriver ned alt eg har gjort, kan og er god på, og tenker over om dette er noko eg har lyst å fortsette med. Kanskje vil eg noko heilt anna.

Eg er i alle fall der. I prosessen. Av eit nedbemanningsselskap har eg fått ei heil bok om kor eg er i prosessen. In transission, heiter det visst. Der ein kan føle tristhet, sinne, avmakt, men også bli full i tiltakslyst. Mi erfaring er at dette varierer, i samsvar med ryggknekking og joggeturar.

Det eg setter ekstra pris på akkurat no, er sosialt samvær. Folk som inviterer til møter, hyttetur, designmarkedbyttedag, julebord på Theatercafeen, Berlin, å leige leiligheiten i Miami, eller kjem på besøk. Det er utruleg flott. Og settes stor pris på.

Har du blitt nedbemanna? Korleis trur du du hadde reagert dersom du plutseleg fekk alle muligheitene i verden til å gjere noko heilt anna?

Vidare lesning dersom du er interessert. Her er ein som ikkje tar det fullt så bra. Jeg er helt knust. Måtte de gni det inn sånn.

Photo

Annonse