Viser arkivet for august, 2013

Tomorrow we move to Hawaii og hit'en LEON som dei aldri speler

Eg er ikkje så veldig musikkfestivalperson. Eg ender alltid opp med å banne over folkene som klenger rundt meg eller forbanne véret. Sist eg var på Øya endte kvelden i gigantiske smerter i kvart steg eg gjekk heim frå festivalen. Eg klarer nemleg ikkje å gå på de doene. Heller sprenge innvendige organer enn å prøve å gå på do i vannvittigstank med utolmodige dørdundrer som venter i kø. Så eg held meg unna.

Men i går møtte eg ein kompis som skulle på Fisk og Vilt. Han ville så gjerne sjå Tomorrow we move to Hawaii, bandet som under oppvarming for Icona Pop ikkje spelte hiten sin. Leon.

Noko som ikkje gjekk upåakta hen

Inget svar. Eller jo, eg meiner at eg fekk eit svar. Men fb lar meg ikkje finne svaret. Meiner å hugse at vi vart einige om at eg måtte skrike LEON neste gang eg var på konsert.

- Play Leon!!
- We can’t hear you! LOUDERRRR!!
- LEEEEOOOOOON!!

Noko slikt. Så eg ville på konsert med dei igjen. I går. Men fiskogvilt var meir interessert i å halde oss i ein kø utanfor når det var konsert. Fekk med oss ein song. Så eg måtte spør.

- Hei. Unnskyld meg. Men spelte de Leon i kveld!?
- Der er du!
- Ja, det er meg! Spelte de Leon?!
- Nei, vi såg etter deg før vi gikk på scenen. Vi hadde den med, men så droppa vi den.
- Men korfor i all verden. Det er jo så bra låt!
- Ja, den er bra. Men vi er ikke helt sikker på om den gjør seg live.
- Nei!! De må jo ikkje undervurdere låta! Tro på den!
- Men vi spiller på Blå i November. Kom da, så skal vi spille den.
- Ja, eg kommer! Eg lover. Og eg skal stå framme og skrike LEON!

Det er jo såklart ikkje berre denne låta som er bra. Dei er solide. Litt Chrystal Castles-aktig.
Eg laga denne tribute videoen med den vakraste vimeoen eg kjenner.

Gler meg til neste konsert. November it is.

Annonse