Viser arkivet for januar, 2015

Desse små tinga

Bedre å tenke ingenting
enn å ikkje tenke i det heile
Ingenting er allereie
Ingenting er allereie mykje
Ein husker ikkje noko
Og sidan gløymer ein alt
Ingenting er bedre
Ingenting er bedre enn alt

Bedre å tenke ingenting
Enn å tenke på deg
Det hjelper meg ikkje
Hjelper meg ikkje i det heile tatt
Som om ingenting var feil
Eg tenkte på alle
desse små tinga
som eg fekk fra deg

Om det ikkje var noko viktig
Ikkje noko viktig mellom oss
Tydeligvis
Det betyr ikkje så mykje
Det er desse små tinga
eg har satt saman
Desse små tinga
som eg fekk fra deg

Bedre å grine for ingenting
Enn å le av alt
Grine over ingenting
Det er allereie mykje
Men du har ingenting
i hjarta ditt og jeg innrømmer
Eg misunner deg
Eg ønsker du hadde mykje

Det er desse små tinga
Som eg fekk av deg
Vil du ha dei?
Her! Kva vil du ha?
Eg ønsker meg ikkje lenger noko fra deg
Å bli di
- ein må vere halvt gal
Bedre å tenke på ingenting
Enn å ikkje tenke i det heile
Ingenting er allereie
Ingenting er allereie mykje
Og sidan vi gløymer alt
er ingenting bedre
Ingenting er mykje bedre enn alt

Annonse