Hjelp, eg er på internett-tv!


…og slik ser det nye kjøkkenet mitt ut.

Torsdag 25. april kl15:12 Edit: Sidan eg har vore sentral i Origo, medlem i ca 1000 soner (av 9500) totalt, vart eg invitert for å preike om communities, Origo og kva ein kan gjera for å auka engasjementet på nett. Eg såg verkeleg ikkje mi besøkelsestid.

Det var no eg skulle sagt noko om at eg ikkje trur lenger det er noko håp for Origo som nettsamfunn, og at eg håper inst i hjarta at ikkje Amedia sletter alt innhaldet som er blitt laga her dei siste åra, berre fordi dei kan og ikkje har noko planar for det vidare. Det skulle eg ha sagt, men eg sa berre at det var bra teknologi i 2007. Vel, det er ikkje godt nok lengre. Ein må ha vilje og glede av at folk lagar og deler innhald. Noko slikt skulle eg ha sagt, men sjå for all del videoen – om du vil sjå kjøkkenet mitt i bakgrunnen eller høyre stemma mi.

Eit djupdykk som fjortis igjen

Det var absolutt ikkje dette eg trudde skulle skje. At eg på femte kvelden skulle sitte med youtube-videoer, spotifyapper, sjekke ut instagram og tweets. Eg skulle berre vera kulaste tanta som tok niesa med seg på Justin Bieber-konsert, og no sitter eg her, i ei JB-fjortisboble som er vanskeleg å komme ut av. Og det er ikkje sikkert eg vil det ein gang.
Les meir…

Sjå Girls

Origo nodutgang Sjå Girls

I alle fall om du er interessert i seriar. Den er god. Noko tårene mine her er vitne på.

Ekstra kudos skal denne sesongen ha for at den har blåkopiert businessen vi, ein studentgjeng, vurderte å ta patent på i 2005.

[Postet via telefon.]

Hei, sveis inspirert av tre ulike tiår!

Alle som kjenner meg, veit vel at eg har ein forkjærleik for frisyrer, frisører og hår. I går såg eg ein mld på fb om at kanskje landets beste frisør, eigaren av Adam og Eva i Grensen, Eirik Thorsen søkte hårmodell; alt eg trengte å sende inn var bilde av korleis håret mitt såg ut, så kunne eg kanskje få bli modell.

- Yes!, tenkte eg.
Landets beste frisør. Korfor ikkje. Det kan i alle fall ikkje vere verre enn det er i dag.

Ikkje så verst høgreside

Heilt grusom, lysbrun venstreside. Også disse slitte utbrukte “kvite” hårene nederst i håret.
- Nei, fysj. Få det bort!
Les meir…

Røykenabo

Eg har flytta inn ein stad eg kan sitte og sjå inn i andre sine leiligheiter og på andre som lev liva sine. Øverst der er ein favoritt.

[Postet via telefon.]

På tide at Førde Lufthavn gjer noko med sikkerhetskontrollen sin

I 2010 fekk eg beskjed om å ta av meg BH’en for å komme gjennom sikkerhetssjekken på Førde Lufthavn, Bringeland. Eg blogga om at eg måtte av med bh for å komme ut av Førde, Firda plukka opp blogginnlegget, ringte meg tidleg mandag morgon og det kom både på forsida av papiravisa og på firda.no.
Sidan kom saka i Bergens Tidende, Nettavisen, Aftenposten, radio Norge, Nrk, VG, Hardanger Folkeblad, Siste.no, og på veldig mange andre lokalaviser.

- Bra, tenkte eg. No går det kanskje ant å gjere noko med det.

Eg ville for det første få ei unnskyldning fordi eg syntes det var uhørt at eg sjølv måtte bli så desperat at eg foreslo å ta av meg bh’en for å komme meg vidare med flyet. At eg sjølv måtte be om ein pose for å skanna den gjennom sikkerhetskontrollen, og då eg ikkje syntes noko særleg om den gjennomsiktige brødposen, så fann han ein svart, gigantisk bosssekk til den vesle bh’en min. At eg måtte ut av køen, stikke på toalettet, kle av meg, gå ut, med alt deisande, eller duvande om du vil, med den gigantiske søppelposen i handa. Med både sjefen – og ørten andre passasjerar som vitne.

Bringeland flyplass kunne for det andre tatt ein sjekk av metalldetektorane sine, gjerne med media tilstades. Det er jo mykje som tilseier at dei er svært ømfintlege i Førde, når ein kan fly på alle andre flyplassar med same kleda utan noko som helst reaksjon. Om det er slik at dei har alt for få damer på jobb, då ville eg innført andre rutiner. Kva med ein samtale? Den kunne vore noko slikt som dette:

- Hei, det ser ut som om det piper her. Mest truleg er det hempene bak på bh’en din. Er det ok for deg at eg sjekker med denne handscannaren her om det er farleg?
- Det gjer ingenting. Sjekk i veg.
- No viser denne større utslag enn normalt. Er det ok at eg tar ein kjapp kroppsvisitt på ryggen din?
- Ja, det går greit. Eg har ingenting å skjule.

Ikkje ein rådvill sekuritasmann der eg må sjølv foreslå ulike framgangsmåtar til løysing.

Ikkje at flyplasssjefen Kjell Otto Gjesdal får seie nokre korte setningar om at kort om det optimale er å ha vakter av begge kjønn på jobb, men dersom ein person pip, må vakta sørge for at det som pip blir teke av. Han fekk til og med fortelje om at det faktisk har hendt han at det har pipe på Gardermoen, men ikkje i Førde, trass i at eg gjekk med same kleda. Det kan gå begge vegar, seier han.

Men Firda laga heldigvis ein oppfølgar på dette, og konkluderte med at BH-blemme burde vore unngått. Avinor sa at saka kunne ha fått ei bedre handtering:

– Denne situasjonen kunne blitt handtert på ein betre måte. Dersom ho ville ha ein etterkontroll, og det ikkje gjorde ho noko om denne vart utført av ein mannleg kontrollør, skulle ho fått dette i staden for å måtte ta av seg BH-en, sa sikkerheitsrådgjevar i Avinor, Odd-Steve Elvedal.

Kva skjedde med meg?

  1. Eg har sidan 2010 blitt kalla BH-Herdis.
  2. Eg vart kalla ein tranvestitt og langt verre ting av lesarane Nettavisen, og det fekk stå der i ei lang tid.
  3. Mange damer har tatt kontakt, og sagt dei har opplevd akkurat det same: at flyplassen i Førde er oversensitiv
  4. Frode Grytten har på open scene i Odda, laga ei slags forteljing på at BH’en til Herdis Moldøen skal bevarast og på verdsarvlista til Unesco. Det kan du forøvrig lese om i BH’en min når nye høgder
  5. Eit google søk på meg, og “eg følte meg naken” skriker i mot deg.

Alt er dette går det fint å leve med. Eg har sjølv blogga om saka, bedt om merksemd, men vil ikkje at fleire damer skal oppleve det same.

Kva har skjedd på Bringeland?
Tydelegvis ingen verdens ting. At Avinor sa i 2010 at det kunne vore handtert på anna måte, burde jo vere grunn til at Førde Lufthavn endra rutinene sine. Men nei. Saka i avisa i dag, der Laila måtte av med bh-en på Bringeland viser at det er business as usual. Damer med metallhemper på bh’en, må framleis gå turen på toalettet, ta BH’en av seg for å kunne fly vekk frå Førde.

yeah right!

Eg og vil bli 50

Og leige Blå, fylle det med venner, famile, kollegaer og skravlevenner fra twitter.
La Ragnar Hovland spele dei tre finaste låtene i verda på ukulele.

Ragnar Hovland spelar Kraftverk from Herdis Moldøen on Vimeo.


Les meir…

Alt det den sure dama drømmer om

Det finst ein film der ei sur gamal dame har leigd eit hus i Frankrike, eller kanskje det er Italia. I huset har ho eit stort kjøkken, men ho sjølv kjøper berre inn ytterst få ingredienser. I andre etasje har ho eit soverom med ein balkong med utsikt over bassenget, og ved sida av senga står ein pult, ei skrivemaskin og ein hard stol. I filmen veksla ho på å skrive, svømme og drikke kaffi i den fransk/italienske landsbyen. Det var det eg såg for meg før denne reisa.
Les meir…

Tips til sjølvhjelp: tlfsamtalen

Annonse