Viser arkivet for stikkord annet

Annet:

Eg ryddar i papir. Allt skal bort. I alle fall alt unødvendig. I dagens store ryddekampanje kom eg over eit enkelt ark. Av skrifta kan eg sjå at det er nokre månader sidan eg skreiv det. Då var framleis skrifta mi relativt ok. Det er eit ark, som sikkert har stått i eit hefte. Øverst står det deltakernummer, nederst står det Norges Idrettshøgskole 2007-2008. I midten er det plass til at eg kan skriva, der står det Annet: og følgjande med mi skrift:

Kva er det som gjer at folk blir forfattarar? Eg er på seminar; opplesning og samtale med forfattarar.
- Eg oppdaga staden før jenta…
- Eg og les boka som ei kjærleikshistorie…
Samtalen går ut på at forfattaren sjølv skal plukke boka frå kvarandre, avsløra sine mønstre. Det kjem så lite ut av ein slik samtale. Ikkje får eg lyst til å lesa boka, ikkje blir eg freista til å høyre forteljinga om mulattjenta på ei lita øy, fyren som vil bli sett og elska (sjølv om han sit i konsentrasjonsleir).

I staden blir eg sittande å spørre meg sjølv om kva for eit liv desse forfattarane har. Kan alle skrive? Skal alle kjedelege forfattarar få all denne merksemda; treng vi det?

Eg kan ikkje ha forstått kva det gjekk ut på. Eg framstår som ein uvitande besservissar, som ein framtidsskeptikar, som gårsdagens twitterkommentator i dn, som kritiserer fordi eg ikkje har satt meg godt nok inn i ting. Papiret går i bosset.

Annonse