Viser arkivet for stikkord bh

På tide at Førde Lufthavn gjer noko med sikkerhetskontrollen sin

I 2010 fekk eg beskjed om å ta av meg BH’en for å komme gjennom sikkerhetssjekken på Førde Lufthavn, Bringeland. Eg blogga om at eg måtte av med bh for å komme ut av Førde, Firda plukka opp blogginnlegget, ringte meg tidleg mandag morgon og det kom både på forsida av papiravisa og på firda.no.
Sidan kom saka i Bergens Tidende, Nettavisen, Aftenposten, radio Norge, Nrk, VG, Hardanger Folkeblad, Siste.no, og på veldig mange andre lokalaviser.

- Bra, tenkte eg. No går det kanskje ant å gjere noko med det.

Eg ville for det første få ei unnskyldning fordi eg syntes det var uhørt at eg sjølv måtte bli så desperat at eg foreslo å ta av meg bh’en for å komme meg vidare med flyet. At eg sjølv måtte be om ein pose for å skanna den gjennom sikkerhetskontrollen, og då eg ikkje syntes noko særleg om den gjennomsiktige brødposen, så fann han ein svart, gigantisk bosssekk til den vesle bh’en min. At eg måtte ut av køen, stikke på toalettet, kle av meg, gå ut, med alt deisande, eller duvande om du vil, med den gigantiske søppelposen i handa. Med både sjefen – og ørten andre passasjerar som vitne.

Bringeland flyplass kunne for det andre tatt ein sjekk av metalldetektorane sine, gjerne med media tilstades. Det er jo mykje som tilseier at dei er svært ømfintlege i Førde, når ein kan fly på alle andre flyplassar med same kleda utan noko som helst reaksjon. Om det er slik at dei har alt for få damer på jobb, då ville eg innført andre rutiner. Kva med ein samtale? Den kunne vore noko slikt som dette:

- Hei, det ser ut som om det piper her. Mest truleg er det hempene bak på bh’en din. Er det ok for deg at eg sjekker med denne handscannaren her om det er farleg?
- Det gjer ingenting. Sjekk i veg.
- No viser denne større utslag enn normalt. Er det ok at eg tar ein kjapp kroppsvisitt på ryggen din?
- Ja, det går greit. Eg har ingenting å skjule.

Ikkje ein rådvill sekuritasmann der eg må sjølv foreslå ulike framgangsmåtar til løysing.

Ikkje at flyplasssjefen Kjell Otto Gjesdal får seie nokre korte setningar om at kort om det optimale er å ha vakter av begge kjønn på jobb, men dersom ein person pip, må vakta sørge for at det som pip blir teke av. Han fekk til og med fortelje om at det faktisk har hendt han at det har pipe på Gardermoen, men ikkje i Førde, trass i at eg gjekk med same kleda. Det kan gå begge vegar, seier han.

Men Firda laga heldigvis ein oppfølgar på dette, og konkluderte med at BH-blemme burde vore unngått. Avinor sa at saka kunne ha fått ei bedre handtering:

– Denne situasjonen kunne blitt handtert på ein betre måte. Dersom ho ville ha ein etterkontroll, og det ikkje gjorde ho noko om denne vart utført av ein mannleg kontrollør, skulle ho fått dette i staden for å måtte ta av seg BH-en, sa sikkerheitsrådgjevar i Avinor, Odd-Steve Elvedal.

Kva skjedde med meg?

  1. Eg har sidan 2010 blitt kalla BH-Herdis.
  2. Eg vart kalla ein tranvestitt og langt verre ting av lesarane Nettavisen, og det fekk stå der i ei lang tid.
  3. Mange damer har tatt kontakt, og sagt dei har opplevd akkurat det same: at flyplassen i Førde er oversensitiv
  4. Frode Grytten har på open scene i Odda, laga ei slags forteljing på at BH’en til Herdis Moldøen skal bevarast og på verdsarvlista til Unesco. Det kan du forøvrig lese om i BH’en min når nye høgder
  5. Eit google søk på meg, og “eg følte meg naken” skriker i mot deg.

Alt er dette går det fint å leve med. Eg har sjølv blogga om saka, bedt om merksemd, men vil ikkje at fleire damer skal oppleve det same.

Kva har skjedd på Bringeland?
Tydelegvis ingen verdens ting. At Avinor sa i 2010 at det kunne vore handtert på anna måte, burde jo vere grunn til at Førde Lufthavn endra rutinene sine. Men nei. Saka i avisa i dag, der Laila måtte av med bh-en på Bringeland viser at det er business as usual. Damer med metallhemper på bh’en, må framleis gå turen på toalettet, ta BH’en av seg for å kunne fly vekk frå Førde.

Ei historie frå verkelegheita.

Annonse