Viser arkivet for stikkord denteknologiendenteknologien

Slik snakker du ikkje deg bort frå gåve

Eg kom på fest, ante fred og ingen fare. Kom inn i rommet;
- her Herdis, nå kan du velge.
På bordet stod det to cder med baksida mot meg. Eg såg dei var like, og eg såg kva det var. Eg tok opp den eine og snudde den.
- værsegod, Herdis. Den er din.

Debutalbumet til the Margarets. Eg kjenner bandet. Eg har jatta med i ti år, sagt at joda, jada, fint, skjønner du digger det, fine greier, prøvd å bevare ansikt, være høfleg, men alltid skrudd av radioen kvar gang dei har komt på. Eg tenkte fort, alt for fort, og eg tenkte mest på at denne plata har eg ikkje lyst på.
- Tusen takk, begynner eg.
- Tusen tusen takk, men eg kjem ikkje til å høre på den.
Eg skjønner det kjem feil ut, eg bestemmer meg for å bevare ansiktet hans, som før.
- Tusen takk, men eg høyrer ikkje på cd lenger, eg kjem ikkje til å høyre på den. Eg kan høyre den på nettet.
So far, so good, tenkte eg, men det var det jo sjølvsagt ikkje.
- På nettet?!

Gliset på fyren var blitt stivt, eg visste eg hadde sagt noko feil, men eg ville ikkje ha med meg cden heim. Motargumentene i meg gjekk på høggir: Eg har nok bagasje, eg høyrer ikkje på cd, eg liker ikkje musikken, det er meir fornuftig om han gøymer den til andre som har meir lyst på det, som digger, som vil ha glede av det. Men det hjalp ikkje å ha motviljen inni meg, eg måtte seie noko.
- Beklager om eg har sagt noko feil, beklager at eg skuffer deg, men eg høyrer ikkje på cd. Eg spelar ikkje cd, eg spelar musikk online, på nett, spotify…
Eg nevnte ikkje soundcloud og hypem, ville ikkje framstå som slik knipsande klyse frå storbyen eg brått følte meg som. Eg fekk ingen reaksjon, berre fornærma fyr i sofaen.
- Eg høyrer ikkje på cd, gjentar eg. Eg høyrer musikk på nettet. Du er der sikkert om eitt år.
Det var det som skulle til. Eg fekk ein reaksjon. Ansiktsbevaringa mi hadde gått langt i frå heim.
- Du, Herdis, er heit irrasjonell. Først sier du nei til musikken jeg tilbyr, laget av mine beste venner, så sier du at du hører musikk digitalt og avslutter med å fornærme meg om at jeg er der sikkert om et år? Hvem er du? Hva er det for noe? Du er helt irrasjonell. Om et år? Sier du neitakk til cd, for å høre det gratis på nettet?
- Nei, eg betaler for det. Eg trenger ingen cd, eg har ikkje bruk for det, eg hører ikkje på cd. Men eg trudde du kjendte meg, at du visste dette, at vi hadde dette vennskapet?
- Hva vennskap?
- At eg kunne si det som det er til deg…
- Som det er?
- …Ja, at eg ikkje høyrer på cd, at eg er ikkje der lenger. Eg betaler for musikken min… på nett… spotify…og eg takker, tusen takk, men… men… beklager. Ikkje vær fornærma. Du kjenner meg. Eg er ikkje der. Eg skulle ønske du forstod. Kanskje du er der allerede om noen måneder.

Det gjekk ikkje akkurat som planlagt. Samtalen slutta vel med at han fekk vitse masse med mitt digitale liv, slenge ut spydige kommentarer, og at eg fekk hamra inn nokre innertiere når dama hans spurte meg etter spelelista på ein brent cd ho fekk for fire årsidan, men som ho hadde rota bort, sakna intenst og ville ha på Spotify. Eg har dog lært at for folk flest er cd det mest fantastiske. Ramme alvor. Ein knipser ikkje med fingrane og ler av cd.

Annonse