Viser arkivet for stikkord detteinnleggetkannyttastavfirdaipapiravisa

Måtte av med bh for å komme ut av Førde

Førde lufthavn. Fekk valget av å ta av meg bhen eller ikkje komme meg til Robyn-konsert i Oslo.

Er kjapp ute av flybussen, går rett til bagasje-droppen, puttar alt utstyret i kassen før skanning, og gjer meg klar til å gå over sikkerhetskontrollen. Først av alle, heile bussen i kø bak meg.

PIIP PIIP PIIP
- Har du noko metall på deg?
- nei
- Belte?
- nei
- Kan eg ta tøyskoa dine?
- javisst
- Prøv no
PIIP PIIP PIIP
- Har du noko i lommene dine?
- nei
- Har du noko metall på deg?
- nei, eg har jo ingenting. Eg har ein bh.
- Ok. Eg kan ta handmålaren.
PIIP PIIP PIIP
- ja, eg har ein bh.
- Den her var det masse metall i.
- det gjekk fint i Oslo
- Skikkelig kraftig spenne
- eg har ikkje noko i bhen. Kan ikkje du berre kroppssjekke da?
- Vi har ingen damer på jobb.
- kva vil du eg skal gjere da, ta av bhen!?
- Ja, det hadde vore fint.
- du kødder?
- Toalettet er der.
- eh
- Rett rundt hjørnet
- har du i det minste ein pose så eg slepp å vise fram bhen til alle bak meg?
- Jada, det skal eg fikse til deg.

Eg stikker på do, kler av meg, og må gå rundt spradande nestennaken gjennom flyplassen. Sniker meg inn i køen og går gjennom:
…(stillhet)…
- Ah, det var godt.
- Ja, herligheit.

Ok da, så har eg lært at flyplassen i Førde har ein sinnsyk streng kontroll, og at eg ikkje bør prioritere spile-bh når eg stikker til Sogn og fjordane igjen, men dette var ei ytterst pinleg erfaring. Eg lurer på kva som hadde skjedd om eg ikkje fekk utslag på bh’en. Det var jo ingen damer på jobb, hadde dei ringt etter nærmaste kontrollør og kommandert ho på jobb, eller hadde dei nekta meg å reise til Oslo?

Personleg hadde eg heller blitt kroppsvisitert av ein mann inne på det kottet, enn å gå bh-laus rundt omkring på flyplassen.

Kom meg på flyet til slutt

Annonse