Viser arkivet for stikkord dykking

Gozo 2.0

Eg har hatt ferie. Det har vore så digg som det kan bli.

Biletserie med 9 bilete — bla med å trykkje på pilene
Les meir…

Unn deg ein tur til Gozo

Ei perla utafor Malta utafor Sicilia i Middelhavet og varme og deilig lys. Ta turen. Gjer det. Du vil ikkje angre.

Etter at opptil fleire reisefølger som trakk seg i siste liten, takka eg ja til tilbud om å bli med flott kollega på tur. Han skulle dykke, eg kunne gjere det eg hadde lyst til. Eit vanleg problem eg har er å finne ut nett kva eg har lyst til, av og til har eg berre lyst å kulan ned og gjere mest ingenting. Det var i alle fall det løpet eg la opp til.

Likevel blei det dykking, varme, sol, god mat, godt selskap, tidlig opp, søt frukost, nydleg lys, lesing. Jepp, og så har eg skrive, strikka, fått trua tilbake på bøker, ledd, knist og visstnok vore veldig rar.

Biletserie med 23 bilete — bla med å trykkje på pilene
Annonse