Viser arkivet for stikkord ikkjeglømdetteherdis

De beste ting i 2009

Av og til må ein legge jobb til side, og kikke litt på livet rundt. Kva som gir litt meir meining, kva som ikkje gir livet fullt så mykje. Eg er ikkje i skrivehumør, så dette blir kort, men godt. Eg skal nemeleg oppsummera det gode i 2009.

6. Ny MacBook Pro. Ei maskin som er lett, kjapp, ikkje varm, lekker og ikkje minst misunnelsesverdig.

5. Cilitbang. Ja. Vaskemiddelet med grønn kork. Det tar alt. Sjølv inngrodd feitt i steikeovnen. Kjapt som pokker.

4.200 jacks. Det er ein fisk, eller altså 200 av dei. Eg såg dei under vatn og eg var berre få meter i frå. Buddyen min var berre opptatt av å ikkje svømme i ein brennmanet og gjekk glipp av det mest fantastiske.

3. Hypem. Tjenesta som gjorde at eg oppdaga musikk på ein heilt ny måte, som gjorde at eg kunne slutte å grine meg til at kompiser brente cder til meg fullstappa av gode tips. Eg liker sanger, artister, venner, får anbefalinger, konsertforslag og nye favoritter i nye spennande straumar tilbake. Fantastisk.

2. Iphone 3gs. Jada, til tross for enormt sein ankomst, forandra den livet mitt. Eg har slutta med cd, eg begynte å betal for musikk igjen, eg har nett overalt kor eg er og den får meg til å tenke riktig. Nyttig er den blitt også.

1. Elektrisk sykkel. Det absolutt beste, morsomste og spennande som skjedde i ein alt for kort haustsesong 2009. Kjensla av å suse forbi muskelbunter på avlegs sykkel, å lure bilistar ved å trø feil veg, å suse opp bakken uanstrengt… Måtte det bli vår veldig snart!

Håper eg kjem på andre ting i morgon slik at eg ikkje virker så ting-fokusert og overfladisk. Kjærleik og vennskap er fint det også, altså. Eg berre lister ikkje slikt opp. Fyll gjerne på med dine ting.

Annonse