Viser arkivet for stikkord innpåslitenmann

Gadaffi-look-alike kapra tlfnr mitt

Statusoppdatering: Starta dagen med å sjå tlfnr mitt bli kapra utafor Oslo S av ein libyansk spansklærar på veg heim til Barcelona. Føkk.

Hva skjer ved kapring av telefonnummer?

Ein fyr stopper deg i trappene, får deg til å ta av øreklokkene, spør om vegen til flytoget, stopper ikkje når du får svar, begynner å preike om kor du skal reise, at du har vore her på ferie, spør deg kor du kjem frå, seie at du er spansklærar, fra Libya, får deg til å studere hårsveisen din og tenke at ja, sanneleg er ikkje dette hårsveisen til Gadaffi, preike meir om at du bruker å komme til Oslo i vinteren, og får deg til å innsjå at dette er blitt ein større samtale enn du ville og akkurat i det du har begynt å tenke på å gå videre, fisker han fram tlf sin og ber deg om nr.

Og du er overlykkeleg for at her får du ein unnskyldning til å avslutte samtalen, stikke videre og hanskast med alle andre problem du elles slit med i kvardagen. Intensjonen din er sjølvsagt å lyge. Kanskje fiske fram eit nummer til nokon du ikkje likar så godt. Er det ingen eg hater? Nei, det er visst ikkje det. Kva med å bytte om tre siffre? Nei, fingrane gjer ikkje det. Dei skriv ned ditt eige telefonnummer. Hugsar til og med å skrive +47 foran. Du er pinadø føkked.

Du ser for deg situasjonen kor han tester deg, ringer deg, for å sjå om du er du, og du vil ikkje stå der og ansiktstrue han med å lyge turisten in his face. Så hyggeleg som han er. Og du vil jo han skal like Norge, og folkene, ja, deg sjølv. I alle fall ikkje tru at du er ei av dei som er så frekke som gir andre sitt nummer. Slik at han blir sint.

I staden takkar han, seier han kjem til å ringe fra Barcelona, skrive mail, og du seier joda, god tur, går ned trappene, bannar i ente, tar irritasjonen vidare til jobb kor du etter nokre bagatellkommentarar du på ein god dag med profesjonell positivisme hadde oversett, ender opp med å stille kollega til veggs med å seie: trur du eg er fullstendig dum?

Annonse