Viser arkivet for stikkord kafé

Kart over kaféer i Oslo med wifi


Vis Free wireless internet access Oslo i et større kart

Takk til Tor som laga kartet, @andreasl og @urke for formidling.

Bypåske er visst å møte ukjente

I morgon på jobben:
- Ja, flott påske?
- Javisst. Finfin påske. Og du?

For kva skal ein eigentleg fortelje? Den starta med eit frieri, og ender no med påskens første kalde pils aleine i sofaen. La meg fortelje om min bypåske.

Alle mine var bortreist i påsken, i alle fall utilnærmelege, så eg hadde seks dagar for meg sjølv. Så for å ta det første først. Det var altså eit særs useriøst nettfrieri. Ein spøk, i alle fall tok eg det slik. Eg lo, og rista på hovudet av den fyren som er såpass at han frir før han har møtt meg, og vi hadde ikkje ein flørt på gang ein gang. – Han kan ikkje ha møtt mange, tenkte eg, og bestemte meg derfor for å møte han. Over kaffi, på dagtid. Og det gjekk som eg tenkte det kom til å gå. Fyren var 40, såg ut som om han var 55 og prata som om han var 70. Eg underdriver ikkje dersom eg seier at det kanskje var verdas mest kjedelege person. Men han livna til når han fekk prate om buss, og eg lærte mykje om busslivet i Oslo.

Men bussfyren var ikkje den einaste ukjente eg møtte på kafé. Neida, eg møtte to til. Øl med svært så hyggelege grana, og kaffi i suppebolle med enda ei eg berre har møtt digitalt, og som viste seg å vere forretningsutvikler eller administrasjonssjef for digitale medier i VG. Eg husker ikkje. Bra lell. Det er noko forløsande å møte ukjente, eller folk som berre kjenner deg digitalt. Du får sjansen til å laga ein tilnærma ny identitet, samtidig så kjenner dei deg meir eller mindre fra før, avhengig av kor mange kanalar ein har til felles.

Eg har også møtt to gode venner som på andre veka går gjennom sitt livs mareritt og fått veslejenta si på isolat på intensiven på rikshospitalet. Heldigvis ser det ut som om det kjem til å ordna seg, sjølv om det framleis er kritisk. I lys av det blir rapportering om min bypåske temmeleg bekymringslaus og patetisk. Eg kan heller gjere det med bilder.

Biletserie med 9 bilete — bla med å trykkje på pilene
Annonse