Viser arkivet for stikkord kunstenåstolepåfolk

Å kunne stole på folk i den digitale verdenen

Eg skal selge ei seng. Eg skal flytte og den er bare ein stor ting som tar plass. Derfor vil eg selge den. Eg går inn på finn.no og søker etter folk. Og det er mange folk her, som både kjøper og selger, og eg finner ein fyr med ei annonse som vil kjøpe ei seng.

- Men kva for ein fyr er dette her, spør eg meg sjølv?

Eg kikker på bildet av ei seng han har lagt ut. Ganske så dårlig bilde.
Eg søker opp tlfnr hans, det står ikkje i telefonkatalogen.
Eg må nøye meg å kikke på språket for å vurdere om dette er ein fyr som vil ta med seg penger når han dukker opp.

- Kvifor finst det ikkje noko i den nettløysinga som gjer at eg kan stole litt ekstra på folk?

Eg tvitra følgjande:

For kva gjer utlandet?

Skikkeleg lekker har dei gjort sidene sine. Ikkje plain blå/kvit layout.

Jo, ta airbnb.com til dømes.
Ei super teneste for oss som liker å reise. I staden for å sjekke inn på hotell, sjekker du inn hos folk. Enten på sofaen i stovo, på eit eige rom, eller du kan leige ei heil leiligheit, hytte, hus eller slott. Ja, du får alt i din prisklasse. Litt meir personleg, litt meir ansleis ferie. Alt blir leigd ut av privatpersonar. Det er heimar, kor folk bur, og det skal i grunn mykje til for å sleppe inn ein framand i huset sitt.

Korleis byggjer så airbnb ei løysing som gjer at folk kan stole på kvarandre?

  • Dei tar ansvaret for økonomien. Den som skal leige blir trekt pengar med ein gong avtalen er i boks. Pengane blir først utlevert etter opphaldet. Sjølvsagt tar dei også ein cut. Eitt gebyr som den som leiger betaler, samt nokre prosent av den som leiger ut. Det er også businessmodellen. Å legge ut annonse, og søke, er gratis.
  • Valutaen mellom folk er trust, at folk stoler på deg. Og det gjer ein først ved å koble opp den identiteten ein har på fb, på twitter, på linkedin. Det kan vise kva slags menneske du er. I alle fall at du har klart å karre deg til eit visst volum, og har ein krets. Ein kan jo også sjå om du er ei spammaskin, eller om du pratar med folk – og kva slags nettverk du har rundt deg. Har du offentleg informasjon på desse profilane, virkar du som eit ekte menneske. Kanskje er utleigar så heldig at de finn folk i samme kretsar. Det aukar på truverdigheiten.
  • I tillegg har airbnb gjort tenesta si sosial. Ikkje i meininga å kretse for å kretse, eller at vi slenger på eit fb-kommentarfelt. Nei, sjølvsagt for å utvide verdien og valutaen til folk. Ein kan sjekke fb-kretsen sin opp mot løsninga, sjå kven av dei som er der. Får du dei til å anbefale deg, er du meir til å stole på. Viser det seg at dei er storforbrukarar av airbnb, enten dei reiser sjølve eller låner ut huset sitt, teller det ekstra mykje. Når opphaldet er over, er det såleis viktig for begge partar å få eit bra skussmål (review).
  • Bra skussmål gjer at du som utleigar kjem først opp i listinger, får meir etterspursel og kan ta meir betalt. Det er ein ekstra sikkerheit for dei som er usikre på korleis dette fungerer, og kven det er som leiger ut.
  • Bra skussmål gjer at du som leigetakar, kan blir foretrekt foran andre som vil leige på samme datoar, eller du kan få rabattar. (Dette veit eg ikkje sikkert, men det er i alle fall ei indre drivkraft).
  • I tillegg finst det drivarar der utleigar og leigetakar legg ut gulltips om nærområdet, noko som gjer reisa personleg og mykje lettare å planlegge til å bli den drømmeturen du vil det skal bli.

No kan ikkje akkurat airbnb sikre deg mot svindlarar. Eg meiner. Eg har jo sjølv kjendt ein fyr som som trakk seg frå budrunde, sjølv med ein fb-profil. Drittsekkar finst overalt. Men airbnb er dønn solide på korleis dei tenker folk skal kunne stole på andre, og har ei løysing som trigger til meirbruk.

Det gjer ikkje akkurat finn.no. Heldigvis for dei så er det det beste tilbodet vi har i landet. Men eg ser lett for meg at også nordmenn kan hoppe på lekre løysingar frå utlandet for å dekke dei same behova.

Annonse