Viser arkivet for stikkord mirakel

Valget07: Overfølsom dagen derpå

Valget i 2007 var eit historisk valg i Odda. Vi hadde folkeavstemning om Unesco, vi kunne seie ja til noko nytt, og takk for det gamla. Men Odda ville ikkje det. Dei ville fortsetta som før, og du veit den tilstanden når du har så mange følelsar, og du setter på radioen, og alle songane du høyrer seier akkurat det du føler. Eg skreiv ein liten petit om det som kom på trykk 19. september 2007:

The Winner Takes It All…the loser standing…. Eg tar av radioen tvert. Eg er ikkje i humør til slik hovering denne onsdagen. Det var som om eg vakna til ein sinnsjuk bakrus etter ein fest eg helst berre ville gløyma.

Eg setter på kaffi og går vidare i dagen. Eg byrjar med å lesa dagens HF på pdf på nett.

Nei til UNESCO i tjukk overskrift. Stemmer det. Odda sa nei.

Eg tar på radioen igjen. Denne gang Radio Folgefonn for å høyre ferske nyheiter. Dei har ikkje sending, men eg lar radioen likevel stå på medan eg les åtte siders valresultat.

Ein grand-prix-liknande song er den første songen som kjem på. I can’t believe the news, synger ei dame. Eg les om at 50 oddingar fekk avgjera kampen om UNESCO. Stop this messin’, you don’t know what you’re missin’ synger Radio Folgefonn. Eg er så einig så einig og blar vidare i nettavisa.

There’s something happening here, what it is ain’t exactly clear. There’s a man with a gun over there, telling me I got to beware (…) Stop, children, what’s that sound, everybody look what’s going down, syng Buffalo Springfield.

Eg stopper opp i lesinga mi. Eg blir sittande å tenke på kven mannen med pistolen er. Eg går i dusjen og tar med meg den regnsikre radioen.

Ny song kjem på. Eg forstår ikkje så mykje av teksten til franske Voyage Voyage, men bodskapen er soleklar: Ryk og reis. Odda er ikkje ein blivande stad. Det er ikkje rom for deg her.

Påkledd og klar til å reisa, kjem Jan Werner Danielsen på med ein slik intensitet og fanatisme, at eg er nøydd å sette koffertane frå meg. After all that’s said and done, I’m still standing strong. I will stand through the storm. Skal eg verkeleg stå oppreist etter dette, tenker eg, før håpet seglar inn over eteren.

Now we are not afraid, although we know there’s much to fear, we were moving mountains long before we know we could, synger Mariah Carey og Whitney Houston før refrenget slår inn: Who knows what miracles you can achieve, when you believe, somehow you will.

Eg blir truande på staden. Okai, tenker eg. Kanskje det ikkje er over.

Og her er ei slags speleliste på dei sangane eg fann

I ettertid 1: Eg ser at min kvasipersonlege petit kanskje var forut mi tid. Her er i alle fall ein kommentar som stod på trykk 9. september i Adressa: Åpne opp den fjerde statsmakt, ein kommentar om at journalistar må seie klarare i fra på kva politiske meiningar dei har.

I ettertid 2: Ein kan jo klappe seg på skuldra og seie at sanneleg fekk eg rett i at Odda ikkje var ein blivande stad. Det var nok i denne teksten eg fann ut at eg ikkje lenger kunne bu der.

Annonse