Viser arkivet for stikkord musklar

Husker du ikkje meg?

Vertshuset Odda 3. juledag. Vi tre jenter, lokalet fullt i unge guttar vi ikkje har sett før. Berre av og til dukker eit kjendt ansikt opp.
- Herdis, no må du seie paraply, seier venninna mi med utsikt mot inngangsdøra.
Eg snur meg og ser rett på Frank. Fyren eg ikkje kjenner, men som eg, sidan eg gjekk i fjerde klasse begynte å seie paraply til. Kvar gong vi møtes. Paraply, sa eg. Paraply, sa han. Anar ikkje korfor. Eg trur eg må ha vore ein morsom unge.
- Paraply, Frank.
- Paraply ja.
Og det blir ikkje så mykje meir enn det. Vi bestiller oss kvar si øl og går kvar vår veg i lokalet for å ikkje bli ståande lengre i ein klam samtale.
Les meir…

Annonse