Viser arkivet for stikkord odda

Tagging i Odda på 70-talet

Gi meg gjerne kontekst til kvifor akkurat dette skulle stå på ein vegg.

Bildet er henta frå rivinga av Hardanger hotel og Folkets hus






Den som kunne bli strippar igjen. Ja, om berre for ei natt.

For første gang angrer eg på at eg flytta frå Odda. Eg skal pinadø sende Asbjørn eitt par ord:

Ja, gjerne. Eg kjem til Odda neste helg, og eg kan sikkert komme pinsehelga også. Eg har mykje ferie eg ikkje anar kva eg skal bruke til. Eg har ni års sommarerfaring som strippar, eg kan jobben, er hyggeleg. Eg digger å spa knast i kjellaren til svetten siler, ringe til skifteletrikaren og følge etter han som ein veps berre for å lære korleis maskineriet funker. Eg elsker å hoppa på stussane i etsande syredamp, svetta som ein gal og herja på under rensestoppen, for så å få ein iskald cola og latter på pauserommet som belønning. Eg saknar å kunne gå heim frå ettermiddagsskiftet etter fem timar på jobb og likevel få to timar overtid. Plis Plis Plis. Velg meg!

For ein mulighet. Å kunne ta eitt eller to skift på zinken, snuse inn syredampen på fem’en, suge ei celle på celletoppen, køyre trucken langt inni zinkstablane på matedørken for å tilfredstilla det jævla maset til ovnane. Å få sitte der og berre høyre gutta fortelje igjen. Kunne ha det berre så innmari fint – nett når det passa meg – ja, og nett når det passa bedriften då. Plis plis, Asbjørn!

Husker du ikkje meg?

Vertshuset Odda 3. juledag. Vi tre jenter, lokalet fullt i unge guttar vi ikkje har sett før. Berre av og til dukker eit kjendt ansikt opp.
- Herdis, no må du seie paraply, seier venninna mi med utsikt mot inngangsdøra.
Eg snur meg og ser rett på Frank. Fyren eg ikkje kjenner, men som eg, sidan eg gjekk i fjerde klasse begynte å seie paraply til. Kvar gong vi møtes. Paraply, sa eg. Paraply, sa han. Anar ikkje korfor. Eg trur eg må ha vore ein morsom unge.
- Paraply, Frank.
- Paraply ja.
Og det blir ikkje så mykje meir enn det. Vi bestiller oss kvar si øl og går kvar vår veg i lokalet for å ikkje bli ståande lengre i ein klam samtale.
Les meir…

Alt eg vil

er å selge leiligheita. Eg har kjøpar. Vi har avtalt pris. Det burde vore enkelt.

  • Men så har kjøpar kjøpt to andre leiligheiter utan at bank har fiksa kjøpet. fordi banksjef ikkje trudde det hasta.
  • Banksjef seier til kjøpar at dei gjer ingenting før dei første leiligheitene er sendt til tinglysning.
  • Så får vi ikkje solgt fordi kommunen seier vi må oppløse bustad som seksjonshus først.
  • Derfor må vi skrive eit brev og poste det til statens kartverk.
  • Statens kartverk sender brev i retur fordi kommunen ikkje har tinglyst huset.
  • For å få tinglyst huset så må vi, to eigarar, prioritere panterekkefølge i tinglysinga.
  • Så stikker banksjefen på ferie og han har ingen andre som kan overta huskjøpet.

Og eg er like langt. Fy faen. Drit og dra.

Det eg aller helst ville sommaren 2011

Eg gjekk på ferie akkurat i det det smalt i Oslo. Satt i sofa i Odda, såg på fb at naboene hadde kjendt huset rista og at fyr fra TA med sommarjobb i VG posta bilde av det bomba regjeringskvartalet. Sidan satt eg der. Men dette blogginnlegget handlar ikkje om det, men det andre som skjedde.

Les meir…

Monster

Monster

Tenker på gamle Jens

Som gjekk der i kjeldressen sin, som satt ved bordet og drakk kaffi av plastkruset som han hadde teikna ein stor J på. Satt der enten stille og løste kryssord eller gjekk rundt med skjemaet sitt og noterte tall. Av og til slang eg meg etter.

- Kvir du deg til å bli pensjonist?
- Nei, det skal jeg si deg, jenta mi, at det gjør jeg såvisst ikke.
- Men korleis skal det gå med oss når du slutter? Det er jo ingen her som kan jobben din.
- Jeg skal si deg en ting, jenta mi, ingen er uerstattelige. Når jeg går ut døra her, så er det en ny en inn i mårra. En må ikke tro at noen ikke kan gjøre jobben din, da har du tapt.

Annonse