Viser arkivet for stikkord origo

Hjelp, eg er på internett-tv!


…og slik ser det nye kjøkkenet mitt ut.

Torsdag 25. april kl15:12 Edit: Sidan eg har vore sentral i Origo, medlem i ca 1000 soner (av 9500) totalt, vart eg invitert for å preike om communities, Origo og kva ein kan gjera for å auka engasjementet på nett. Eg såg verkeleg ikkje mi besøkelsestid.

Det var no eg skulle sagt noko om at eg ikkje trur lenger det er noko håp for Origo som nettsamfunn, og at eg håper inst i hjarta at ikkje Amedia sletter alt innhaldet som er blitt laga her dei siste åra, berre fordi dei kan og ikkje har noko planar for det vidare. Det skulle eg ha sagt, men eg sa berre at det var bra teknologi i 2007. Vel, det er ikkje godt nok lengre. Ein må ha vilje og glede av at folk lagar og deler innhald. Noko slikt skulle eg ha sagt, men sjå for all del videoen – om du vil sjå kjøkkenet mitt i bakgrunnen eller høyre stemma mi.

Ingen fleire automatiske importerte bilde

- Men Herdis, kor er det du blogger?
- Nei, eg bloggar på veldig mange bloggar.
- Men er det ikkje Nødutgang som er din blogg?
- Jo, det er den mest personlege.
- Men den er jo berre full i bilde, ingen tekstar. Skal ikkje bloggen vere tekstar?

Jo, det skal jo den. Det er jo det som er mest givande. Eg har likevel latt bloggen bli eit personleg, men uengasjert bildealbum av alle bildene eg har tatt på Instagram sidan 2010, og Brightkite før det. Kva som var tanken min med å importere så mange bilde?

  • Eg ville samle straumane mine ein plass. Origo og bloggen min kunne bli straumen der eg viste fram bildene eg tok på dei andre tenestene.
  • Eg ville vise folk at Origo faktisk har denne funksjonen som snakkar med andre tenester. Til inspirasjon frå andre.
  • Eg visste om eg tok interessante bilde, sette dei på kartet og dei var offentlege, kunne dei komme til ei nettavis – og om dei ville kunne dei putte det i avisa.
  • Også ikkje minst vise nettverket mitt på Origo at eg slettes ikkje er så uengasjert og kjedeleg. Eg tar faktisk tidvis fine bilde.

Men no har eg sletta importen. Eg trur ikkje lenger på at eg kan bruke nødutgang som ein samlaren av mine feeds. Origo snakkar ikkje med instagram slik til dømes fb gjer det (med likes som går til det opprinnelege bildet, ikkje til importen). Det engasjementet eg skapar på Origo, er ikkje noko til dømes som bedrer min Klout. Korleis Google teller engasjementet ein skapar på Origo, er uvisst. Lokalavisene har med unntak av ein gong nytta det eg har skrive.

Kva som altså skjer med bloggen vidare, har eg ikkje bestemt meg for. Om eg dropper Origo for noko anna verktøy, eller om eg held fram på denne urlen. Eg diggar jo navnet, og det er noko med verktøyet her som rydder sida og gjer det enklare, for meg, å skrive det eg skal.

• Herdis får spørsmål om kva ein kan bli med master i språkleg kommunikasjon. • www.ntnu.no
Annonse