Viser arkivet for stikkord purlykke

Slik lager du baconchrisp

Eller, det er er jo ikkje akkurat slik. Først må du skjære av svoren, skrape bort fettet, la stå i vannbad (?) over natta, skrape bort meir fett, legge i press, og så er det klart for å friteres. Og krydres. Vi krydra med tørka løk feks.

Hei, sveis inspirert av tre ulike tiår!

Alle som kjenner meg, veit vel at eg har ein forkjærleik for frisyrer, frisører og hår. I går såg eg ein mld på fb om at kanskje landets beste frisør, eigaren av Adam og Eva i Grensen, Eirik Thorsen søkte hårmodell; alt eg trengte å sende inn var bilde av korleis håret mitt såg ut, så kunne eg kanskje få bli modell.

- Yes!, tenkte eg.
Landets beste frisør. Korfor ikkje. Det kan i alle fall ikkje vere verre enn det er i dag.

Ikkje så verst høgreside

Heilt grusom, lysbrun venstreside. Også disse slitte utbrukte “kvite” hårene nederst i håret.
- Nei, fysj. Få det bort!
Les meir…

Eg og vil bli 50

Og leige Blå, fylle det med venner, famile, kollegaer og skravlevenner fra twitter.
La Ragnar Hovland spele dei tre finaste låtene i verda på ukulele.

Ragnar Hovland spelar Kraftverk from Herdis Moldøen on Vimeo.


Les meir…

Iphone 4 vs Samsung Galaxy III

Min iphone var knust. Startknappen begynte å streike. Treig var den også. Alt var berre sorgen. Eg måtte ha ny tlf. Sjefen sa ja, og kvelden etter fekk eg tlf på døra og eg valgte å skryte av det på denne måten:

Eg har fått ny tlf. Kom med bud på døra. Postbudet kalla meg Hredels og gav meg ein Samsung Galaxy III.

Fine Lene svarte følgjande:

Venter i spenning på en sammenligning av de to. Har siklet lenge på en Samsung :-)

Så her kjem ei velfundert samanlikning ei veke etter bruk. Til Lene og alle andre som er interesserte.

  • Samsung plystrer når du får epost, men viser ikkje heile mailen i skjermen. Det er temmeleg stas med plystringa, at epost ikkje passer skjermen er elendig.
  • den klarer ikkje å airplaye Spotify på anlegget. Heller ikkje de appene du laster ned for å prøve å få det til.
  • Men Samsung har ein ein deilig dirring når du skriver
  • den er dessutan glatt og deilig å ta på.
  • Når eg t.d. opner tlf ved å ta over skjermen, gjør bevegelsen seg om til bobler, og lager vannlyder mens den gjør det. Det gir meg ei ekstra kjensle av at det er framtida som ligg i hendene mine.
  • den er likevel litt stor. Tommelen rekker ikkje til toppen. Merker eg ofte legg meg på magen, ja, for eg bruker ofte tlf i senga. Då ligg eg over den for å touchskrive med pekefingrene.
  • den har alle de beste appene eg treng, i prioritert rekkefølge: spotify, voxer, facebook, path, instagram, twitter, glympse, evernote, pinterest, stay, songpop, nsb, tuninRadio.
  • Har enda ikkje funne ein bra podcaster. Det er litt rumpe. Eg liker godt å høyre radioresepsjonen når eg går gatelangs til jobb for å få ein god start på dagen. Eg har såleis gått lite på jobb.
  • kartet viser faktisk kor trafikken står i byen, og kor det er best å kjøre for å komme fram. Noko som er fint om ein har bil. Det har eg ikkje. Men det funka også på leigebil, og som strålande gpsnavigator når vi kjørte oss vill opp til hytta på Myking i helga.
  • i motsetning til iphone som har røde flagg over alt, piper samsungen relativt ofte – utan at eg aner kva som ligg i dei ulike pipene. Eg slipper altså dei røde flaggene, men også stresset ved å nulle dei ut. Og funksjonen som viser alle varsler på samme side, er gull og veldig lett å begynne å elske.
  • alarmklokka funker veldig dårlig. det blir til at eg slumrer opp til fleire halvtimer sjølv med denne nye telefonen. Men til skilnad fra Iphone, så lyser samsungen opp med litt ekstra dagslys i novembermørket når alarmen går. Den har sikkert påvist god effekt mot vinterdepresjon.

Q & A

Men hvorfor i all verden bytter du ut iphone?

Fordi eg er så føkkings lei den firkanta boksen som ligg så dårleg i handa. iphon 3s var superfin, som ein utvida del av meg. Men eg vart aldri godkompis med klumpete iphone 4.

Er det verdt det?

No betaler ikkje eg for det anna enn med svette og evna til omstilling. Noko eg pinadø meiner er på tide. Eg kallar meg ei geekgirl, men spesialiserer meg berre på å kunne iphone og kva den teknologien har å tilby. Det høyrer ikkje heime.

Jeg kommer aldri til å bytte fra iphone.

Nei, skjønner. Og ikkje stiller du eit spørsmål heller. Forstår at du sikkert er typen som kommer til å sakne masse innhald. Tingen er at du logger deg på appsene med fb-kontoen din, og vips så er alt innhald på plass i tlf. Det er det som er så fint med sky, og utvikling som passer for fleire teknologier. Du mister ikkje innhald. Det berre funker.

Fleire spørsmål? Anyone? Eg er også tilgjengeleg for møte og kurs, dersom det skulle vere noko meir.

Min aksjeverdi på sosiale medier

For eit år det har vore. Nokre små nedturar, men åh for nokre oppturar. Det er Empire Avenue som gir meg denne infoen, og medan eg har berre latt kontoen tusle og gå, har enkelte investert som pokker i meg – og fått pengar igjen. Eller penger og penger, fru blom.

Spurte twitter og fekk svar

No er det tid for handling. Kva høyretelefonar skal eg kjøpe?

hei sveis

Gjekk for mørk undercut fra 3 cm over høgre øyra, ned i ein spiss. Over er det klipt ein ny spiss som har tyngden på venstre sida. Utpå ligg fleire fjoner. Meir definert, jo bedre. Vi prøvde å lage ombre ved å farge tuppene lyse brune og ha mørkt innerst. Det vart oransj, så vi dempa og fekk vekk det meste med mørk brun. Ombreeffekten er framleis der, men svak. Og luggen fekk ein ny omgang med grå for å dempe det gule luggen min får lyst å bli etter eit par vask.

Frisøren min takka for ein fin dag på jobb!

Min heve/senkepult høres ut som Jump Around

Nokon elsker dagens første kaffi, andre å lese papiravisa i gangen. Eg elsker heve/senkepulten min. Spesielt når eg skal heve den. Lyden er kliss lik introen på godhitten frå 92.

Jada, berre sjå heile videoen. Eller la meg spesifisere akkurat kva lyd eg tenker på:
Inspiration for my heve/senke-pult at A-pressen Digitale Medier by herdis

Lyden på min pult er just den samme. Dei tre første tonene er heilt likt. Den fjerde kanskje ikkje så lik. Men dette måtte eg jo bevise. Då gjer ein slik ein skal. Ein filmer det og legg det på youtube. Sidan dette er midt i arbeidstida, og to viktige økass-duder sit ved sida av meg og diskuterer budsjett for kjappe penger, må eg vere kjapp i svingane. Mogleg for kjapp. Hever og senker medan eg filmer og prøver å sitte på pulten for å fintune lyden. Alt i ein take. Tuning in heve/senkepult:

Men uansett kor mykje variabel vekt eg legg på pulten, går det ikkje. Ikkje ein einaste gong. Og akkurat no då eg skulle bevise det ein gong for alle. Eg bannar.

Får i staden kollega til å legge seg under pulten, like ved motoren for å ta opp lyden medan eg hever og senker. Seinare finn han ein pitcheapp, leiter fram lydene og lar meg rekonstruere heve/senke-pulten til ypperste Jump Around-kvalitet.

Pult-reconstruction at A-pressen Digitale Medier by herdis

Økass-duden lar penger vere penger, hiver seg med i entusiasme. Tar fram sin eigen iphone og filmer meg medan eg rekonstruerer lyd og tar opp lyden på soundcloud.

I ein loop, eller i alle fall så god ein lydloop som eg klarer å få til, så høyrer du det klart. Det er så likt så ein kan få det:

Jump Around Table Mix Set by herdis

Og ein kunne kanskje sagt at visa var over no. Det er den sjølvsagt ikkje. Etter eit kvarters leiking på jobb, klarte låta å feste seg hos kollega. Dagen etter kom følgjande Jump Around (Table Edition Remix) i postkassa:

Jump Around (Table Edition Remix) by herdis

For ein glede, for eit engasjement! Pulten er min, lyden er din. Gjer kva du vil med den – og del det gjerne her!

Bryllupsbonanza i Hanoi

Det finaste du kan gjere om du har ein lørdag i Hanoi, er å ta ein tur i parken.
Unge par strømmer til for å få kjærleiken sin avbilda.

Les meir…

Strand og skip

Strand og skip
Annonse