Viser arkivet for stikkord remix

Min heve/senkepult høres ut som Jump Around

Nokon elsker dagens første kaffi, andre å lese papiravisa i gangen. Eg elsker heve/senkepulten min. Spesielt når eg skal heve den. Lyden er kliss lik introen på godhitten frå 92.

Jada, berre sjå heile videoen. Eller la meg spesifisere akkurat kva lyd eg tenker på:
Inspiration for my heve/senke-pult at A-pressen Digitale Medier by herdis

Lyden på min pult er just den samme. Dei tre første tonene er heilt likt. Den fjerde kanskje ikkje så lik. Men dette måtte eg jo bevise. Då gjer ein slik ein skal. Ein filmer det og legg det på youtube. Sidan dette er midt i arbeidstida, og to viktige økass-duder sit ved sida av meg og diskuterer budsjett for kjappe penger, må eg vere kjapp i svingane. Mogleg for kjapp. Hever og senker medan eg filmer og prøver å sitte på pulten for å fintune lyden. Alt i ein take. Tuning in heve/senkepult:

Men uansett kor mykje variabel vekt eg legg på pulten, går det ikkje. Ikkje ein einaste gong. Og akkurat no då eg skulle bevise det ein gong for alle. Eg bannar.

Får i staden kollega til å legge seg under pulten, like ved motoren for å ta opp lyden medan eg hever og senker. Seinare finn han ein pitcheapp, leiter fram lydene og lar meg rekonstruere heve/senke-pulten til ypperste Jump Around-kvalitet.

Pult-reconstruction at A-pressen Digitale Medier by herdis

Økass-duden lar penger vere penger, hiver seg med i entusiasme. Tar fram sin eigen iphone og filmer meg medan eg rekonstruerer lyd og tar opp lyden på soundcloud.

I ein loop, eller i alle fall så god ein lydloop som eg klarer å få til, så høyrer du det klart. Det er så likt så ein kan få det:

Jump Around Table Mix Set by herdis

Og ein kunne kanskje sagt at visa var over no. Det er den sjølvsagt ikkje. Etter eit kvarters leiking på jobb, klarte låta å feste seg hos kollega. Dagen etter kom følgjande Jump Around (Table Edition Remix) i postkassa:

Jump Around (Table Edition Remix) by herdis

For ein glede, for eit engasjement! Pulten er min, lyden er din. Gjer kva du vil med den – og del det gjerne her!

Annonse