Viser arkivet for stikkord research

Alt eg veit om Abraham

OK. I går gjorde eg research. Pappa tok meg med på teater. Ei glimrande forestilling. Abrahams barn. Ein mann, ein stol, ein koffert, ein gigantskjerm, ei flaske vatn og ein gigantskjerm. Det Norske Teatret.

Det eg hugsar av “fakta” frå forestillinga, fritt etter hukommelsen:

  • Abraham er opphavet til dei tre religionane; jødedommen, kristendomen og islam. Han gifta seg med halvsøstra si Sara, og ei slavekvinne han fekk av faraoen i Egypt saman med mellom anna mange esel fordi faraoen vart så begeistra for Sara og fekk låne henne. Abraham fekk lov av Sara til å gifte seg med slavedama og dei fekk ein son. Seinare kom ein engel og sa at også Sara skulle få ein gut. Ho berre knisa og lo, og kunne slett ikkje tru noko slikt. Ho var jo 90 år. Men det gjekk som engelen sa. Ho fekk også ein gut. Desse to gutane vaks opp kvar for seg (etter at Sara sørga for at slavedamo vart sendt ut i ørkenen). Og begge vart opphavet til to ulike greiner, kan det vere to religionar? Nei, dette hugsar eg ikkje.
  • I Jerusalem ligg Klagemuren. Vi kallar den klagemuren fordi vi trur jødane klagar når dei står framfor den og ber. Jødane kallar den for Vestveggen. Muslimane kallar den noko anna (eg ikkje hugsar). For alle religionane er det ein heilag stad.
  • Er du så heldig at du har kontaktar som kan få deg innanfor muren og inn i den heilage gravs kyrkje, kan du sjå steintavla kor Abraham skulle ofre den eine sonen sin (eg hugsar ikkje kven). Til all lukke og hell, så vart han forhindra…av ein ny engel…som sendebod frå gud? Den heilage kyrkja vart så bygd oppå denne heilage staden.
  • Dersom du går ned i kjellaren på staden, kjem du til eit dunkelt rom, med ei slags stein seng. Golvet der er dekt med marmor. Og der var det Muhammed møtte, ja, var det Abraham?, i si openbaring og dei bad saman på golvet der. Derfor er også Jerusalem ein heilag stad for muslimane.
  • Det finst, eller fantes, ein sjarmerande teppeselgjar i Jerusalem som inviterer på knallsterk kaffi og som kan preike og fortelje om Abrahams liv og lære i fleire timar, og utan at han nokon gong snakker om teppene sine, ender du opp med å kjøpe eit teppe.
  • Islam vedkjenner både Tanakhen og Bibelen som heilage skrifter, men dette er ikkje gjensidig. Koranen består av surer som begynner med dei lengste surene først, og endar opp med korte surer heilt bakerst. Det er flotte, poetiske bilder, og slett ikkje kronologisk satt opp slik vi (eller det vil seie dokke) kjenner det frå bibelen.
  • Kaba er den heilage steinen som vart reist til minne om Abraham, og det var her i Mekka Muhammed klarte å overbevise folk om at det finst berre ein gud. Han rei inn i byen, sirkulerte rundt Kaba, med hjarte mot steinen og ropte Allah Akbar, og horder av menneske gjentok det han sa. Han knuste alle steintavlene på Kaba, bortsett frå den om Maria.

Eg kjem til kort
Desverre, må eg vel kanskje seie, var det meste heilt ukjendt for meg. Eg har vel aldri lært om dette i skulen. Kanskje er det mi skuld, ettersom eg og venninna mi ganske så lenge song julesongar der vi sensurerte ord som Jesus og Gud, og eg trudde det var veldig viktig at eg ikkje skulle lære slikt. Eller kanskje det er manglande pedagogisk opplegg frå lærar som vart påtvungen livsynsundervisning (og tenkte at det einaste som dugde for oss var høgtopplesning av Sofies Verden, kanskje verdas kjedeligste bok. Om ikkje i seg sjølv, så vitterleg kvar einaste livssynstime). Uansett. Om ein skal vere eit danna menneske i dag, og ha respekt for andre, bør ein kanskje vite litt meir om kva historie folket rundt oss ber på.

Og eg er lei meg for at eg ikkje klarar å hugse meir fakta frå forestillinga. At eg ikkje har fått med meg meir religionslære i barndomen – og at det har vore så viktig for meg å være ikkje-religiøs. Det kan jo hende at det har noko med at eg har vanskeleg for å ta legender seriøst. Men likevel. Det finst folk som trur og tilber dette. Då bør ein vite meir om dette.

Eg skal skjerpe meg.

btw: Forestillinga er glimrande. Veldig imponerande. Svein Tindberg står på scena i to timar, heilt åleine og fortel så godt, så inderleg og levande. Forestillinga fekk Heddaprisen for årets beste teaterframsyning i 2012, og den er verdt å få med seg. Ein blir eit klokare menneske.

Annonse