Viser arkivet for stikkord såultraprivatatdetikkjespelarnokorolle

Eit djupdykk som fjortis igjen

Det var absolutt ikkje dette eg trudde skulle skje. At eg på femte kvelden skulle sitte med youtube-videoer, spotifyapper, sjekke ut instagram og tweets. Eg skulle berre vera kulaste tanta som tok niesa med seg på Justin Bieber-konsert, og no sitter eg her, i ei JB-fjortisboble som er vanskeleg å komme ut av. Og det er ikkje sikkert eg vil det ein gang.
Les meir…

ajaja. Det gjør ondt.

Eller vondt og vondt. Det ser jo i grunn bra ut. Grønt og rødt kler kvarandre. Og så sol og greier.

7 klare høgdepunkt i 2012

Det er 2013, og store delar av 2012 er allereie i gløymeboka. Dersom ein skal trekke fram høgdepunkt til oppsummering, så er jo det mykje å trekke fram. Likevel, dette er det som har kome på lista mi. I uprioritert rekkefølge:

  • 1. Husker du ikkje meg? ein søt, ærleg romansehistorie frå Odda. Kanskje det beste med det innlegget, er Ingvilds kommentar i kommentarfeltet: Det lukta sæd i lokalet_. Noko som vitterleg var sant.
    -klare-hoegdepunkt-i-2012">Les meir…

Min aksjeverdi på sosiale medier

For eit år det har vore. Nokre små nedturar, men åh for nokre oppturar. Det er Empire Avenue som gir meg denne infoen, og medan eg har berre latt kontoen tusle og gå, har enkelte investert som pokker i meg – og fått pengar igjen. Eller penger og penger, fru blom.

Julegaveønskeliste

Eg sa det så pompøst som eg berre kunne på fb: til jul så ønsker eg det som kan gjere meg til eit bedre menneske. I grunn ganske så pinleg å ha på veggen sin, men dei gode kommentarane gjer at eg ikkje kan slette dei. Poenget er at familien treng julegåveønsker. Derfor så skreiv eg følgande for at dei skulle bli kjendt med meg:

Stikkord om Herdis (33):

  • relativt lite opptatt av å kle meg slik generasjonane mine før meg har gjort og gjer.
  • likar å vere eit smart, oppegåande menneske som er oppdatert på teknologiske dingser.
  • har ein travel arbeidskvardag, men som har relativt rolege helgedagar og spennande feriar.
  • mottoet, men som er litt vanskeleg å alltid føye, er å seie ja til det livet har å by på.
  • målet for 2011 var å fiske kveite. 2 fisketurar var alt eg klarte å få på plass.
  • bur i eit hus med ikkje rare plassen til personleg utføyelse, eller med andre ord, ting.
  • kvar dag startar med at eg spring på badet i eit kjipt handkle
  • skuffa mi på badet er fullstappa med hårprodukter
  • eg likar frisør-fanpages på facebook
  • musikk høyrer eg på spotify, og ved å plugge dings til tivoli-radio som eg bærer frå rom til rom.
  • bøker, filmar og ting står i Odda, men likevel er mitt 9m2 rom fullstappa.
  • I stua har eg tv, ein Apple Extreme Air-nettverk og ein pyntegjenstand som er ein stubbebit frå kviterussland med ein sopp på.
  • eg likar kvalitet og har problem med middelmådigheit
  • Det eg har på kjøkkenet er det eg har fått av kvalitet før: bestikk, nydelege kaffikrus, microplane-rivjern.
  • Ofte saknar eg tallerkane eg berre har nedpakka i kassar. Til det livet som kanskje kjem ein gang.
  • Tar 190kgx12x3 i beinpress. Har begynt å gå vekentleg i sportsbutikkar. Kjøper aldri noko, men tenker på eit liv eg kunne hatt.
  • Synes Fedje er verdas finaste stad, men likar framleis Odda og er patriotisk til heimstaden
  • liker ikkje å fryse (om natta) og i Oslo er det kaldt.
  • gode historier er framleis det eg likar best
  • Eg saknar å køyre bil, spille høg musikk og at eg aldri har vore i amerika.
  • Min største drøm er å skrive. På mac. Som snakkar med tlf og ipad.

Det er jo vitterleg opp til deg å tolke kva som vil gjere meg til eit bedre menneske. Om det skal defineres i ting, så er mi tolking, så langt som eg kan komme på, kanskje her, i uprioritert rekkefølge:

  • billig bruktsykkel til bruk hos bestemor
  • kveitefisketur
  • reisefølge til amerika
  • ei løysing som gjer at klær kjem på sin plass på eit lite rom. feks ved hjelp av dugeleg garderobeskap eller ein ikkje-falleferdig kommode. Helst ferdigmontert.
  • skistavar
  • strikkajakke
  • billettar
  • Thinking. Fast and slow.
  • Kindle
  • bag med hjul og sekkereimer. nok plass til ei veke på vestlandet, eller ei langhelg i Paris

I grunn så vil eg berre seie; dette er meg, dytt meg i den retningen eg vil, treng og du kan.

Det eg aller helst ville sommaren 2011

Eg gjekk på ferie akkurat i det det smalt i Oslo. Satt i sofa i Odda, såg på fb at naboene hadde kjendt huset rista og at fyr fra TA med sommarjobb i VG posta bilde av det bomba regjeringskvartalet. Sidan satt eg der. Men dette blogginnlegget handlar ikkje om det, men det andre som skjedde.

Les meir…

For spesielt interesserte

Ja, det meiner eg. Det er eigentleg mest for meg. Og stebror min som eg fekk så flott forhold til så fort. Sidan eg lot mac vere på jobb i dag, måtte eg hente fram pc fra 2004, og her låg det ting eg ikkje var klar over eksisterte.

Året var 2006. Eg satt ved pulten, på den limegrønne kontorstolen. Det snødde ute.

Og sidan eg nett var kvitt musesjuken, eller var det kanskje fordi eg også då var leiken, og msn hadde nett oppgradert chat med lydopptak, eller var det kanskje fordi bror og eg hadde ein trang til å konstant synge når vi var i lag? Uansett. Det vart no slik det vart. Stebror og eg, sang til kvarandre – om at det no var på tide å gå å legge seg.

WARNING – DO NOT PRESS PLAY IF YOU CAN`T HANDLE IT
Seie godnatt med sang by Herdis Moldøen

Sanninga om Tanna

herdis posted a photo @ Kolstadgata


Behind the scenes. Slik ser det ut hos meg når huseiger skal selge leilighet si.

Innerst inne

ser eg slik ut

Biletserie med 2 bilete — bla med å trykkje på pilene
Annonse