Viser arkivet for stikkord skalskalikke

Ingen fleire automatiske importerte bilde

- Men Herdis, kor er det du blogger?
- Nei, eg bloggar på veldig mange bloggar.
- Men er det ikkje Nødutgang som er din blogg?
- Jo, det er den mest personlege.
- Men den er jo berre full i bilde, ingen tekstar. Skal ikkje bloggen vere tekstar?

Jo, det skal jo den. Det er jo det som er mest givande. Eg har likevel latt bloggen bli eit personleg, men uengasjert bildealbum av alle bildene eg har tatt på Instagram sidan 2010, og Brightkite før det. Kva som var tanken min med å importere så mange bilde?

  • Eg ville samle straumane mine ein plass. Origo og bloggen min kunne bli straumen der eg viste fram bildene eg tok på dei andre tenestene.
  • Eg ville vise folk at Origo faktisk har denne funksjonen som snakkar med andre tenester. Til inspirasjon frå andre.
  • Eg visste om eg tok interessante bilde, sette dei på kartet og dei var offentlege, kunne dei komme til ei nettavis – og om dei ville kunne dei putte det i avisa.
  • Også ikkje minst vise nettverket mitt på Origo at eg slettes ikkje er så uengasjert og kjedeleg. Eg tar faktisk tidvis fine bilde.

Men no har eg sletta importen. Eg trur ikkje lenger på at eg kan bruke nødutgang som ein samlaren av mine feeds. Origo snakkar ikkje med instagram slik til dømes fb gjer det (med likes som går til det opprinnelege bildet, ikkje til importen). Det engasjementet eg skapar på Origo, er ikkje noko til dømes som bedrer min Klout. Korleis Google teller engasjementet ein skapar på Origo, er uvisst. Lokalavisene har med unntak av ein gong nytta det eg har skrive.

Kva som altså skjer med bloggen vidare, har eg ikkje bestemt meg for. Om eg dropper Origo for noko anna verktøy, eller om eg held fram på denne urlen. Eg diggar jo navnet, og det er noko med verktøyet her som rydder sida og gjer det enklare, for meg, å skrive det eg skal.

Annonse