Viser arkivet for stikkord skeiveherdis

La oss prate om kroppen

Volvat Medisinske Senter har skanna kroppen min. Etter å hatt nokre mnd på å fordøye informasjonen må eg seie eg er mildt sagt overraska. Det viser seg nemleg at eg er svært så ujevnt fordelt.

Venstrearmen er altså mykje sterkare enn høgrearmen – til tross for at eg er høgrehendt og bruker den meir. Dette har eg forsåvidt merka under trening. Venstrearmen er mykje meir ivrig på vektene når dei skal samarbeide om jobben. Faktisk såpass at det er synleg og kommenterbart for trenaren min.

Nærare undersøkingar viser at det er motsatt i beina. Høgrefoten har både meir muskel og meir feitt enn venstre. Faktisk såpass som 300 g meir tissue, 120 g meir feitt og 150 gram større muskel. Sammen er dei dynamitt og eksplosive med 16, 4 gram pure mucles.

Totalt sett er venstresida størst når det gjeld vev, feitt, musklar og beinbygning. Nær ein kg meir musklar, 200 g meir feitt, men berre 50 gram meir vev. Det sagt så kjem hodet godt ut med fantastiske 2,582 g/cm2.

Annonse