Viser arkivet for stikkord trening

Abonnement på kjipe mennesker

Det første som møter deg når du kjem ut fra garderoben

Du står der og signerer papirene. Du har stålsatt deg i månader, år faktisk, bygd deg opp til mot, bekjempa angsten og ignorert frykten for å gå rundt og se ut som ein tapar. Du puster letta ut, signerer avtalen og er klar. Men du veit lite om kva du har i vente.
.

Du har blitt blenda av samfunnets press, alles gode samvittighet og ditt eige ønske om å kanskje få ein annan verdi inn i livet ditt. Du har tenkt at alt kjem til å bli så mye bedre, at ryggen din kjem til å slutte å knirke, at du får ei stålhelse og at livskvaliteten betrar seg betraktelig. Du er så hjernevaska at du er strålande glad etter du har signert.
.

Det du derimot ikkje har tenkt på er alle dei gangane du må skynde deg fra jobb for å kapre eit skap og ei tredemølle. Du har ikkje tenkt på at du må vere slu som ei ape for å kapra akkurat det apparatet du vil ha og mens du sitter der, ser du det berre strøymer på med folk. Nye folk. Kjipe folk. Folk som står i 10 minutter foran spegelen før dei skal trene. Søte jenter med hestehale som svinsar og svansar med trange toppar og løs genser utanpå. Guttar som dilter etter jentene, sprenger singletane og kikkar seg rundt for å sjå om det er nokon som noterer seg kor mange kilo dei tar. Solbrune, slitsomme mennesker med svette strikkpannebånd. Og du tenker at no må eg vera ein slu jævel skal eg nå dusjen før denne rompedansende klassen med søte jenter er ferdige, bare for å oppdaga at spinningjentene allerede står i dusjen og du må vente i kø fordi treningssenteret har problemer med sluken på den eine sida av den vaniljestearinlysstinkande fellesdusjen.
.

Og du tenker at det var ikkje dette du signerte på. Du sa ja til hyggelige normale mennesker, ein triveleg kvardag, eit treningssenter som serverer frukt mens du sliter og som stort sett lar deg vera i fred med ditt. No har du signert deg til eit år sammen med folk du ikkje liker, men må leve med. Du kan jo alltids håpe på at du blir ein av dei.

Annonse