Viser arkivet for stikkord troll

Sjarmslått av eit forumtroll

Er sjarmslått av eit forumtroll som sendte meg eit bilde av bollen han åt. Gjett fra hvor, skreiv han. Bollen hadde han på dashbordet medan han kjørte bil. Og når det var rødt lys, tok han bilde av det. Han hugsa nemleg eit innlegg frå fleire månader tilbake, der eg skrøyt av dei billige bollane på eit bakeri i Sarpsborg. Bakeriet brann ned, og no ville trollet fortelje at det var oppe att.

Det høyrer med til historia at det er få på Origo som har vore så kranglevorne som han. Eg blanda meg i diskusjonar i Sarpsborg Arbeiderblad for å få skikk på samtalane, men då fekk eg ein heil mobb etter meg. Hvem faen er du, såkalte samtaleforsker?…pjuh…som om om du er noe bedre enn oss?. Det høres kanskje ikkje så ille ut, men dei var heilt drøye. Vrei og vrengte på alt eg sa. Då dei hadde stilna meg, tok dei venninna mi som også hoppa frivillig inn i rottereiret for å seie noko fornuftig. Avisa fekk slik krangling dagleg – til skrekk og advarsel for alle andre mindre sinte som ville kaste seg ut i debatten. Truleg fordi denne nettkulturen hadde satt seg i fylket. Nrk hadde i fleire år anonym debatt, men måtte til slutt stenge fordi det blei for mykje sjikane.

Men så altså, eitt år etterpå, så har dette eine sinte trollet altså kjøpt ein bolle, tenkt på meg, tatt bilde av den beste bollen og sendt det til meg. Kanskje fordi han visste eg kom til å bli grønn av misunning. Eller kanskje fordi eg skulle ta turen til Sarpsborg igjen på det bakeriet. Eller kanskje rett og slett for at eg skulle bli glad.

Håper det siste, for glad vart eg – og brått full i håp om tonen og nettkotymet har endra seg heilt der nede i Østfold. Meir slikt hyggjeleg, seier eg! Meir!

Annonse