Viser arkivet for stikkord whatsinacompliment

ei av mange

- BUDEV AKKER.
- HÆ?, seier eg, tar av meg hodesettet og svarar den langhåra lastebilsjåføren som køyrer imot meg med nedrulla vindauge.
- DU ER SÅ VAKKER!, ropar den tatoverte gråe karen.
- Takk!!, seier eg svært overraska glad og tar på meg høyretelefonane igjen.
På gata kjem to damer i 40-åra gåande i mot meg. I sekundet før eg får på musikken att, snappar eg opp:
- Der er han som kjører rundt og roper du er så vakker til alle damene han ser. Hva er det for noe da?

Så mykje for den oppturen.

Annonse