Viser arkivet for stikkord zinken

Hjelp, eg er på internett-tv!


…og slik ser det nye kjøkkenet mitt ut.

Torsdag 25. april kl15:12 Edit: Sidan eg har vore sentral i Origo, medlem i ca 1000 soner (av 9500) totalt, vart eg invitert for å preike om communities, Origo og kva ein kan gjera for å auka engasjementet på nett. Eg såg verkeleg ikkje mi besøkelsestid.

Det var no eg skulle sagt noko om at eg ikkje trur lenger det er noko håp for Origo som nettsamfunn, og at eg håper inst i hjarta at ikkje Amedia sletter alt innhaldet som er blitt laga her dei siste åra, berre fordi dei kan og ikkje har noko planar for det vidare. Det skulle eg ha sagt, men eg sa berre at det var bra teknologi i 2007. Vel, det er ikkje godt nok lengre. Ein må ha vilje og glede av at folk lagar og deler innhald. Noko slikt skulle eg ha sagt, men sjå for all del videoen – om du vil sjå kjøkkenet mitt i bakgrunnen eller høyre stemma mi.

Den som kunne bli strippar igjen. Ja, om berre for ei natt.

For første gang angrer eg på at eg flytta frå Odda. Eg skal pinadø sende Asbjørn eitt par ord:

Ja, gjerne. Eg kjem til Odda neste helg, og eg kan sikkert komme pinsehelga også. Eg har mykje ferie eg ikkje anar kva eg skal bruke til. Eg har ni års sommarerfaring som strippar, eg kan jobben, er hyggeleg. Eg digger å spa knast i kjellaren til svetten siler, ringe til skifteletrikaren og følge etter han som ein veps berre for å lære korleis maskineriet funker. Eg elsker å hoppa på stussane i etsande syredamp, svetta som ein gal og herja på under rensestoppen, for så å få ein iskald cola og latter på pauserommet som belønning. Eg saknar å kunne gå heim frå ettermiddagsskiftet etter fem timar på jobb og likevel få to timar overtid. Plis Plis Plis. Velg meg!

For ein mulighet. Å kunne ta eitt eller to skift på zinken, snuse inn syredampen på fem’en, suge ei celle på celletoppen, køyre trucken langt inni zinkstablane på matedørken for å tilfredstilla det jævla maset til ovnane. Å få sitte der og berre høyre gutta fortelje igjen. Kunne ha det berre så innmari fint – nett når det passa meg – ja, og nett når det passa bedriften då. Plis plis, Asbjørn!

Det eg aller helst ville sommaren 2011

Eg gjekk på ferie akkurat i det det smalt i Oslo. Satt i sofa i Odda, såg på fb at naboene hadde kjendt huset rista og at fyr fra TA med sommarjobb i VG posta bilde av det bomba regjeringskvartalet. Sidan satt eg der. Men dette blogginnlegget handlar ikkje om det, men det andre som skjedde.

Les meir…

Fabrikk

Fabrikk

Tenker på gamle Jens

Som gjekk der i kjeldressen sin, som satt ved bordet og drakk kaffi av plastkruset som han hadde teikna ein stor J på. Satt der enten stille og løste kryssord eller gjekk rundt med skjemaet sitt og noterte tall. Av og til slang eg meg etter.

- Kvir du deg til å bli pensjonist?
- Nei, det skal jeg si deg, jenta mi, at det gjør jeg såvisst ikke.
- Men korleis skal det gå med oss når du slutter? Det er jo ingen her som kan jobben din.
- Jeg skal si deg en ting, jenta mi, ingen er uerstattelige. Når jeg går ut døra her, så er det en ny en inn i mårra. En må ikke tro at noen ikke kan gjøre jobben din, da har du tapt.

gufs frå fortida

Annonse